Solveig Kloppen () er ein norsk skodespelar og programleiar.
Liv og virke Bakgrunn Solveig Kloppen er oppvaksen i Vik i Sogn og på Jessheim på Øvre Romerike. Som russ ved Jessheim vidaregåande skule i 1991 var ho både revysjef, instruktør og artist. Ho har utdanning frå universiteta i Bergen og Oslo, frå Journalisthøgskulen og dessutan frå Fysioterapihøgskulen i Oslo.
Karriere Solveig Kloppen har tidlegare vore standup-komikar. Ho spelte resepsjonisten Tina i komiserien Bot og bedring på TV 2 frå 1996 til 1998 og leidde prateprogrammet Mandagsklubben på TVNorge i 2000 og ungdomsprogrammet Trigger på NRK saman med Thomas Numme. Sommaren 2003 leidde ho Petres sommermorgen på radiokanalen NRK P3 saman med Annette Walther. Same haust laga ho skjult-kamera-innslag til NRK1 sitt laurdagsunderhaldningsprogram LørDan. Ho spelte lesbiske Marte i den romantiske filmkomedien Kvinnen i mitt liv som vart lansert i 2003 og rollen som Mortimers mor i eventyrfilmen Dragevokterens jul frå 2020.
Solveig Kloppen var programleiar i Idol på TV 2 saman med Ingrid Gjessing i 2004-sesongen og med Kåre Magnus Bergh i 2005 og 2006. For innsatsen i Idol vann ho publikumsprisen under Gullruten 2005. Ho var òg nominert til Gullruten 2008 for innsatsen som programleiar for Hjelpekorpset saman med Helén Vikstvedt. Våren 2011 var ho medprogramleiar i TV 2-serien Svendsen om Hansen og Jensen der ho og Truls Svendsen freista å avkrefta eller stadfesta mytar nordmenn har om kvarandre. Serien vart kåra til beste magasin- eller livsstilsprogram under Gullruten 2011. Seinare var ho programleiar i Ønskedrømmen på TV 2 saman med Øyvind Mund og Carsten Skjelbreid og frå januar 2015 TV2-programmet En kveld hos Kloppen. For programmet vann ho Gullruten 2017 i klassa beste kvinnelege programleiar og var nominert til publikumsprisen under Gullruten 2018. Føre Gullruten 2018 vart ho nominert i klassa beste programleiar for Det jeg ikke fikk sagt og til publikumsprisen.
Ho har òg leidd Spellemannprisen to gonger saman med Ivar Christian Johansen (2009 og 2010) og Amandaprisen 2013.
Sidan 2012 har ho vore programleiar for talentkonkurransen Norske Talenter. Den første sesongen ho var programleiar leidd ho sendingane saman med Stian Blipp, men har sidan 2014 vore programleiar åleine.
Kloppen er gift med Dagbladet-journalisten Kjartan Brügger Bjånesøy. Saman har dei to barn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Solveig Kloppen» frå , den 9. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Ullensaker Kategori:Folk frå Vik Kategori:Norske komikarar Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Programleiarar for NRK