Rebecca Nedregotten Strand () er ein norsk journalist og tidlegare programleiar i NRK.

Strand er frå Ulsteinvik og byrja arbeida ved kulturavdelinga i NRK Hordaland i 2005. Ho har laga reportasjar for Norge Rundt,Rebecca Nedregotten Strand, NRK.no, 6. september 2012. dokumentarprogram som Kva er det med Flø? (vist 2011) og Mi affære med Cliff Richard, og dessutan var ho med på produksjonen av Norsk attraksjon med Linda Eide.Lene Bjånesøy Engh, Hemmelig forelsket i Cliff Richard i Bergens Tidende den 5. november 2010. Ho var programleiar for Åpen himmel-episoden som tok for seg pilegrimsgang til Santiago de Compostela. I 2012 gav ho ut ei bok om Sunnmøre.

Rebecca vart i 2013 kjend som programleiar for langvarige minutt for minutt-program og for Nasjonal Vedkveld og Nasjonal Strikkekveld, med Lise-May Spissøy som produsent. Til Grunnlovsjubileet i Noreg i 2014 bidrog ho til 1814 på 24 timer minutt for minutt. I april 2017 leidde ho Reinflytting minutt for minutt med Ronald Pulk for NRK.Anne Gro Gaup, NRK gumpi jo gárvvis, fargga johttájit davás, avvir.no, 6. april 2017.

Etter å ha vore programleiar for strekninga Eidsvoll-Voss for Sommertoget sommaren 2017, og serien Kari-Anne på Røst (2017–18), vart det i november 2017 kjent at ho slutta i NRK for å verta informasjonssjef for Dovrefjell nasjonalpark.Kari-Anne på Røst på web.Slutter i NRK for å spre informasjon om nasjonalparkene i gd.no den 15. november 2017. Ho vart stasjonert på Hjerkinn og hadde då nettopp teke ein mastergrad i kulturminneforvalting.Ny medarbeider på Hjerkinn , nasjonalparkstyre.no. I 2021 var ho doktorgradsstudent i informasjonsvitskap og media ved Universitetet i Bergen.Rebecca Nedrebotten Stand, prosjektside ved UiB.

Rebecca Nedregotten Strand er syster av popsongaren Sylvia Strand, som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2010 og fekk femteplass.Marius Rosbach, - Kvelden blir en kjempefest i Sunnmørsposten den 29. mai 2010.

Utgjevingar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rebecca Nedregotten Strand» frå , den 10. november 2021.

Kategori:Norske forfattarar av reiseskildringar Kategori:Folk frå Ulstein Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:NRK-journalistar Kategori:Norske journalistar