Asma Jilani Jahangir () var ein menneskerettsaktivist og advokat frå Pakistan.

Jahangir vart sett i husarrest fleire gonger. Ho vart fengsla i 1983 for å delteke i kampen mot militærregimet til president Zia-ul-Haq. Ho førte òg ein aktiv kamp mot islamiseringspolitikken til ul-Haq, og forsvarte personar skulda for blasfemi, kvinner som stod i fare for æresdrap og religiøse minoritetar. I 1987 var ho med på å stifta den uavhengige Human Rights Commission of Pakistan (HRCP), og leidde organisasjonen i fleire år.

Asma Jahangir vart den første kvinnelege presidenten i Pakistans høgsterettsadvokatforeining, noko som vart sett på som ein siger for progressive krefter og kvinnerettar. Ho var visepresident for International Federation for Human Rights, FNs spesialrapportør for utanomrettslege avrettingar (1998–2004), for religions- og trusfridom (2004–2010), og for menneskerettssituasjonen i Iran (2016–2018). Ho sat i FN-panelet for gransking av Sri Lankas brot på menneskerettar, og drog på FN-oppdrag for å samla inn informasjon om israelske busetjingar.

Jahangir fekk fleire prisar. I 2014 fekk ho Right Livelihood Award, saman med den amerikanske IT-teknikaren og varslaren Edward Snowden, for forsvaret sitt for menneskerettar i Pakistan under «svært vanskelege og komplekse situasjonar og stor personleg risiko». I 2018 vart Jahangir posthumt tildelt Nishan-e-Imtiaz, den høgaste sivile utmerkinga i Pakistan.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Asma Jahangir» frå , den 10. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pakistanarar Kategori:Pakistanske advokatar Kategori:Pakistanske menneskerettsforkjemparar Kategori:Folk frå Lahore