Liv Karin Kirkebøen Almendingen () er ein norsk forfattar.
Almendingen voks opp på Romerike, men interessa for Sørkedalen og Nordmarka gav inspirasjonen til å skriva romanserien Sagaen om Sunniva. Fyrste bok i serien med 23 titlar kom i 2009, og er utgjeven av forlaget Cappelen Damm. I 2016 vart hennar neste historiske romanserie, Bare Maja, lansert av same forlag. Bøkene har handling frå blant anna Einerhaugen og Gamle Hvam gard på Romerike.
Almendingen er utdanna grafisk formgiver. Ho var busett i Spania i fjorten år, og starta Den norske bokhandelen i Alfaz del Pi saman med mannen sin. Seinare flytta familien til Tønsberg. Almendingen har to søner.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Liv Karin Kirkebøen Almendingen» frå , den 10. november 2021.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 2000-talet