Petrea Magdalene Buchholm () var ein norsk forfattar.

Familie Petrea Buchholm var dotter av lyrikaren Magdalene Sophie Buchholm (1758-1825) og tollinspektør Joachim Frederik Buchholm (ca. 1762–1834). Ho var halsyster av legen og døvelæraren Peter Atke Castberg (1779–1823).

Liv og virke Petrea Buchholm vaks opp i Flekkefjord og Stavanger, og kom til Kragerø då faren vart tollinspektør der i 1806. Ho oppheldt seg òg fleire periodar i København. Ho var tilhengar av den kyniske skulen innanfor filosofien, og freista å oppretta ein eigen jenteskule i Kragerø.

I København gav ho i 1817 ut den vesle barneboka En Faders Vandring med sine Børn fra Kiøbenhavn til Brede. I 1822 gav ho ut ei bok med Smaae Fortællinger af forskjellige Forfattare. På tittelbladet av boka er det oppgjeve at forteljingane er «udgivne af en Dame». Det er uvisst om dette er forteljingar ho har omsett, eller om ho berre var redaktør.

Verk 1817: En Faders Vandring med sine Børn fra Kiøbenhavn til Brede, København 1822: Smaae Fortællinger af forskjellige Forfattere, Christiania

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Petrea Buchholm» frå , den 12. november 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Runeberg: Norsk Forfattar-Lexikon 1814-1880 / Første Bind. A-B, Buchholm, Petrea, vitja 17/1 2020

Kategori:Folk frå Flekkefjord Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske forfattarar