Emilie Christine Frich () var ein norsk forfattar.
Emilie Frich var dotter av brukseigaren og ordføraren Ole Øvre Richter (1801-1865) og Birgitte Lucie Wang. I 1859 vart ho gift med cand.theol. og seinare sokneprest og stiftprost David Christopher Frich (1833–1917). Dei var foreldre til forfattaren Øvre Richter Frich (1872-1945).
Etter at ektemannen gjekk av med pensjon i 1909, busette han og Emilie Frich seg i Briskebyveien 34 i Kristiania. Huset vart samanlikna med prestegardane ekteparet tidlegare hadde budd i, i Eid i Romsdal, Byneset ved Trondheim og på Vang ved Hamar.
Den einaste utgjevinga til Emilie Frich er den posthumt utgjevne Minner fra et langt og lykkelig liv – nedskrevet for slekten i årene 1921-28.
Bibliografi
1929: Minner fra et langt og lykkelig liv – nedskrevet for slekten i årene 1921-28, Hanches forlag
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emilie Frich» frå , den 16. november 2021.
Litteratur
Kategori:Folk frå Stjørdal Kategori:Norske forfattarar