Lene Elise Bergum () er ein norsk skodespelar.

Bakgrunn og virke Gjennombrotet som skodespelar kom med rolla som Lene i filmen Hodet over vannet (1993), som det seinare vart laga ein Hollywood-versjon av, med Cameron Diaz i hovudrolla.

Bergum hadde ei framståande rolle som Camilla i komiserien Tre på toppen på TVNorge i 1997. Det var likevel først med rolla som Alexandra «Alex» Kvamme i såpeserien Hotel Cæsar på TV 2 ho vart eit kjent fjes for den jamne nordmannen. Ho spelte i serien frå 1998 til 2001, gjorde comeback i 2004 og forlét intrigehotellet på nytt i mai 2004.

Ho hadde òg rollen som Anita i TV 2-serien Far og sønn i 2002.

I 2005 var ho norsk deltakar i den skandinaviske TV-produksjonen Robinson VIP, saman med Ole Klemetsen, Janne Rønningen, Gry Jannicke Jarlum og Jan Simonsen.

Per 2014 dreiv ho firmaet Appetitten Kantine og Catering.

Ho har tidlegare jobba som lastebilsjåfør i Posten Norge.

Vinteren 2018 var ho deltakar på Farmen Kjendis på TV 2.

Rollar ÅrFilm/TV-serieRolle1993Hodet over vannetLene1997Tre på toppenCamilla1998Blodband Ukjent1998–2001, 2004–2005Hotel CæsarAlexandra «Alex» Kvamme2002Far og sønnAnita2005Robinson VIPDeltager2006 (filma i 2004)AsfaltevangelietKvinne som bryr politimann2018Farmen KjendisSeg sjølv

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lene Elise Bergum» frå , den 17. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Norske skodespelarar