Tornike Kipiani (), òg kalla «Kipo», er ein georgisk songar. Kipiani skulle representere Georgia i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Take Me as I Am», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. I staden representerte Kipiani Georgia i Eurovision Song Contest i 2021 med låten «You».

Bakgrunn Kipiani vart fødd i Tbilisi 11. desember 1987 og vart kjend i Georgia då han vann georgisk X Factor i 2014. Mentoren hans var den georgiske artisten Tamta, som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2019.

Kipiani deltok i den georgiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2017 med songen «You Are My Sunshine». I 2019 vann han georgiske Idol med 33,82 prosent av telefonrøystene. Gjennom sigeren fekk han representere Georgia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. I staden fekk Kipiani representere Georgia i Eurovision Song Contest i 2021. I semifinalen enda Kipiani og songen hans «You» på ein 16.-plass og gjekk dimed ikkje vidare til finalen.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Tornike Kipiani» frå , den 1. desember 2021.

Kategori:Georgiske songarar Kategori:Folk frå Tbilisi Kategori:Georgiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Georgiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-låtskrivarar