«Omaga» (slang for 'Oh my God') er ein indiepopsong frå 2021 som vert framført av den tsjekkiske artisten Benny Cristo. Songen vart utgjeven 17. februar 2021 og var det tsjekkiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Om songen «Omaga» er skriven av Cristo sjølv, saman med låtskrivaren og musikkprodusenten Filip Vlček. Songen er i ein litt annan stil og sjanger enn Cristo vanlegvis syng, noko Vlček kommenterer: «eg synest utfordringa har lukkast. Stilen passar han godt». Songen har engelsk tekst, med eit par linjer på tsjekkisk.

«Omaga» var det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021, der han var den tredje låten ut på scena i den andre semifinalen i Rotterdam Ahoy torsdag 20. mai 2021. Låten vart nummer 15 av 17 i semifinalen, og kvalifiserte ikkje seg til finalen.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Omaga» frå , den 2. desember 2021.

Kategori:Tsjekkiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar