Damir Kedžo () er ein kroatisk popsonger. Kedžo starta musikkarrieren i 2003, då han deltok i talenttevlinga Story Super Nova Music Talent Show. Han vann seinare den tredje sesongen av Tvoje lice zvuči poznato, den kroatiske versjonen av Your Face Sounds Familiar. I 2020 vann Kedžo den kroatiske songtevlinga Dora med låten «Divlji vjetre». Han skulle ha representert Kroatia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020.

Bakgrunn Kedžo vart fødd i Omišalj i den sosialistiske republikken Kroatia i Jugoslavia, seinare Kroatia, i 1987. Han vart kjend i heimlandet i 2003 då han deltok i Story Suparnova Music Talents – den fyrste kroatiske versjonen av Idol. Han enda på sjuandeplass. Året etter starta han trioen Saša, Tin & Kedžo saman med Saša Lozar og Tin Samardžić,. Dei gav seinare ut albumet Instant. Debutsingelen til gruppa «365» toppa den kroatiske hitlista i seks veker. I 2005 vart band oppløyst, og Kedžo tok deretter eit pauseår.

I 2006 vann Kedžo ein pris under musikkfestivalen Melodije Istre i Kvarnera, i klassa beste debutartist med songen «Ki bi sad reke», og året etter fekk han ein pris for beste framføring med songen «Kanet na vetru».

I 2010 vann Kedžo fyrstepremie i den internasjonale songtevlinga Slavianski Bazaar i Kviterussland, og i 2011 deltok han i songtevlinga Dora, Kroatias svar på Melodi Grand Prix. Etter fleire år vekke frå rampelyset, vann han i 2016 den kroatiske versjonen av Your Face Sounds Familiar med ein imitasjon av Mariah Carey.

I 2020 deltok Kedžo på nytt i Dora, denne gongen med songen «Divlji vjetre». I finalen 29. februar 2020 vann han tevlinga og skulle dimed representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2020, i Rotterdam i Nederland, men Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020.

Diskografi

Album

2008 – Damir Kedžo

Singlar

2017 – «Sve u meni se budi» (med Zsa Zsa) 2017 – «Ljubavi moja» 2018 – «Vojnik ljubavi» 2018 – «Mi protiv nas» (med Domenica Žuvela) 2018 – «Šuti» 2019 – «Srce mi umire za njom» 2019 – «Vidi se izdaleka» 2019 – «Poljubi me sad» 2020 – «Divlji vjetre»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Damir Kedžo» frå , den 5. desember 2021.

Kategori:Kroatiske songarar Kategori:Folk frå Split Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-artistar