Benjamin Dolić (), kjend som Ben Dolic, er ein slovensk songar. Han oppnådde popularitet i Tyskland etter å ha kome på andreplass i The Voice of Germany i 2018. Dolic skulle representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Violent Thing», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.

Bakgrunn Dolić vart fødd og vaks opp i den slovenske hovudstaden Ljubljana. Som tolvåring deltok han i Slovenija ima talent, den slovenske versjonen tilsvarande Norske talenter, og han nådde semifinalen. På vidaregåande skule var han del av gruppa D Base som deltok i songtevlinga EMA 2016, den slovenske versjonen tilsvarande norske Melodi Grand Prix. Deira bidrag, «Spet živ» vart slått ut i første runde av finalen.

Då Dolić var 18 år, flytta han og familien til Sveits, der han lærte tysk og utvikla songkarrieren sin. Seinare flytta han til Berlin, og i 2018 deltok han i den åttande sesongen av The Voice of Germany. Han enda til slutt på ein andreplass og turnerte sidan rundt i Tyskland og Austerrike.

Eurovision Song Contest 27. februar 2020 kunngjorde den tyske kringkastaren ARD at Dolić var vald internt til å representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Violent Thing». Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Tyskland direktekvalifisert til finalen laurdag 16. mai 2020.

Avlysinga På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.

Diskografi Singlar TittelÅrAlbum«Violent Thing»2020 rowspan="2" «Stuck in My Mind»2021

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ben Dolic» frå , den 5. desember 2021.

Kategori:Slovenske songarar Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-artistar