«Øve os på hinanden» (norsk 'øva oss på kvarandre') er ein dansk synthpoplåt frå 2021 med duoen Fyr & Flamme. Han vann Dansk Melodi Grand Prix 2021 og var det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Låten var det første danskspråklege Eurovision-bidraget på 24 år.

Om songen «Øve os på hinanden» er komponert av Laurits Emanuel, som utgjer den eine halvdelen av Fyr & Flamme. Songaren og skodespelaren Jesper Groth utgjer den andre halvdelen av duoen. Songen vart utgjeven på Universal 10. februar 2021 og var eitt av åtte bidrag i Dansk Melodi Grand Prix 2021 laurdag 6. mars i DR Byen i København. Songen vann til slutt finalen med 37 prosent av røystene og vart det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2021.

Låten er ein 1980-talsinspirert poplåt med bruk av el-trommer og synth. Ifølgje duoen handlar «Øve os på hinanden» om å freista å tilgje kvarandre når ein gjer feil. Songen finn stad på eit dansegolv, der ein mann og ei kvinne må prøve seg fram for å sjå kva for trinn som fungerer. Ifølgje duoen kan denne scena brukast som eit bilete på korleis ein oppfører seg når ein skal imponere ein annan, eller korleis ein enkelte gonger må justera kursen i livet når ting ikkje går som planlagd.

Eurovision Song Contest «Øve os på hinanden» var det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Nederland. Han deltok i den andre semifinalen torsdag 20. mai i Rotterdam Ahoy. Songen fekk 89 poeng og enda på ellevteplass i semifinalen og kvalifiserte ikkje seg til finalen laurdag 22. mai.

Songen var det første danskspråklege Eurovision-bidraget på 24 år, og det var fyrste gong Danmark opptredde på dansk etter at språkkravet i Eurovision Song Contest vart fjerna i 1999. Førre gongen Danmark opptredde på dansk, var med Kølig Kaj og «Stemmen i mit liv» i 1997. Duoen forklarte at songen var skriven etter «visse skandinaviske tradisjonar, og eg kan ikkje fatta korleis vi skal kunne omsetje han i det heile. Så vi held oss til dansk.»

Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringDanmark (Hitlisten)1

Utgjevingshistorikk RegionDatoFormatMerkeRef.Diverse10. februar 2021Digital nedlasting, strøymingUniversal Music

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Øve os på hinanden» frå , den 7. desember 2021.

Kategori:Danske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Danskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Danskspråklege Dansk Melodi Grand Prix-songar