Minnesota Orchestra er eit amerikansk orkester som er basert i Minneapolis i Minnesota. Det blie skipa i 1903, og speler for det meste konsertar i Orchestra Hall i Minneapolis.

Orkesteret blei grunnlagd av Emil Oberhoffer som Minneapolis Symphony Orchestra i 1903, og det hadde sin fyrste opptreden 5. november det året i Exposition Building i n Minneapolis. Orkesteret endra namn til Minnesota Orchestra i 1968. Den noverande bygningen det held til i, Orchestra Hall, blei bygd i 1974. Tidlegare, frå 1929, heldt det til i Northrop Memorial Auditorium ved University of Minnesota.

Sidan 1980 har orkesteret halde ein sommarfestival kjend under fleire namn, opphavleg Viennese Sommerfest, seinare MusicFest frå 2001, og så berre Sommerfest frå 2003. Sommerfest-konsertar blir haldne i Orchestra Hall over ein periode på fire veker rundt midtsomar. Orkesteret gjev også gratiskonsertar på plassen utanfor før og etter kvar førestilling, i sjangrar som kan variera frå folkemusikk til jazz til polka. Leonard Slatkin var kunstnarisk leiar for Sommerfest frå 1980 til 1989. Andrew Litton var kunstnarisk leiar frå 2003 til 2017.

Musikalske leiarar og dirigentar Emil Oberhoffer (1903–1922) Henri Verbrugghen (1923–1931) Eugene Ormandy (1931–1936) Dimitri Mitropoulos (1937–1949) Antal Doráti (1949–1960) Stanisław Skrowaczewski (1960–1979) Neville Marriner (1979–1986) Edo de Waart (1986–1995) Eiji Oue (1995–2002) Osmo Vänskä (2003–2022)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Minnesota Orchestra» frå , den 16. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikk i Minnesota Kategori:Kultur i Minneapolis Kategori:Skipingar i 1903