Sebastian Rejman (fødd 13. januar 1978 i Helsingfors i Finland) er ein finsk musikar, skodespelar og programleiar. Han er gitarist, vokalist og låtskrivar i det finske bandet The Giant Leap. Han er òg grunnleggjar av bandet Sebastian & The 4th Line Band, og han representerte Finland i Eurovision Song Contest 2019 med låten «Look Away» saman med Darude.
Bakgrunn Rejman kjem frå Kallio i Helsingfors og byrja å spela gitar og synga som 14-åring. Hans musikalske forbilete er Elvis Presley og Bruce Springsteen.
Rejman er kjend som frontfigur og låtskrivar i bandet The Giant Leap og har hatt fleire framsyningar på finsk fjernsyn. I 2010 var han leiar for eit av deltakarkora i den finske versjonen av Det store korslaget, og i 2012 var han programleiar for den fjerde sesongen av Talent Suomi og han var reporter for The Voice of Finland.
Rejman har òg spela i spelefilmar som Siskonpeti (2014), 95 (2017) Sjette gang (2017) og rolla som Jesse Adlercreuz i tv-serien Syke (2014–2017). Rejman representerte Finland i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019, saman med Darude. Duoen deltok med låten «Look Away», men vart slått ut i semifinalen 14. mai.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Sebastian Rejman» frå , den 22. desember 2021.
Kategori:Fødde i 1978 Kategori:Finske songarar Kategori:Finske skodespelarar Kategori:Finske musikarar Kategori:Finske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Finske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-låtskrivarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest