Luca Hänni () er ein sveitsisk songar, låtskrivar og modell. Han slo gjennom då han vann den niande sesongen av Deutschland sucht den Suparstar i 2012. Hänni representerte Sveits i Eurovision Song Contest 2019 med songen «She Got Me». Songen enda på fjerdeplass, den beste plasseringa til Sveits på 26 år.

Bakgrunn Hänni vart fødd i den sveitsiske hovudstaden Bern i 1994. Allereie i barnehagen fekk Hänni undervising i trommar, og som niåring lærte han eigenhendig å spele gitar og piano. Etter skulegangen gjekk han i lære som murar, men avbraut læretida i 2012 for å satse på musikkarrieren.

Deutschland sucht den Suparstar 2012 I 2012 deltok Hänni i den niande sesongen av tyske Idol, Deutschland sucht den Suparstar. 28. april 2012 nådde han finalen og vann heile tevlinga over Daniele Negroni med 52,85 prosent av røystene. Han var då den yngste vinnaren i tevlinga og den første ikkje-tyske vinnaren.

2. mai 2012 gav han ut sin fyrste singel, «Don't Think About Me», komponert av Dieter Bohlen. Fire dagar seinare hadde singelen seld til gull i Sveits og nådde fyrsteplassen på singellistene i Sveits, Tyskland og Austerrike.

Debutalbumet My Name Is Luca vart gjeve ut 18. mai 2012 og nådde fyrsteplassen i Austerrike og Sveits, og ein andreplass på den tyske albumlista. Albumet vart sertifisert med gull i både Sveits og Austerrike. Oppfølgjarsingelen «I Will Die for You» vart utgjeven 24. august same år. Denne hadde mindre listesuksess og nådde 54. plass i Tyskland, 46. plass i Austerrike og 37. plass i Sveits. Hausten 2012 heldt han ein omfattande turné, Luca Hänni & Band – Live on Tour, med 32 konsertar i Tyskland, Austerrike og Sveits.

I mars 2013 mottok Hänni pris under Swiss Music Awards i klassa «beste nasjonale gjennombrot». Han vart samstundes nominert i tre klasser i den tyske musikkprisen Echo.

Albumet Dance Until We Die vart sloppe i april 2013 og nådde ein sjetteplass på den sveitsiske albumlista. Vinteren 2015 drog Hänni til Los Angeles der han produserte sitt fjerde studioalbum.

I 2019 vart Hänni vald til å representere Sveits i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv med songen «She Got Me». Han deltok i den andre semifinalen torsdag 16. mai 2019 og kvalifiserte seg til finalen. Dette var fyrste gong sidan 2014 at Sveits kvalifiserte seg til ein finale i Eurovision Song Contest. I finalen enda Hänni på fjerdeplass med 364 poeng, den beste plasseringa til Sveits i Eurovision Song Contest sidan 1993.

Andre oppdrag I juni 2012 engasjerte det sveitsiske selskapet Migros Luca Hänni som modell for undertøymerket Nick Tyler. Selskapet presenterte ein undertøyserie for menn, kalla Nick Tyler by Luca. I tillegg vart det lansert ein damekolleksjon kalla Luca's Favorite Edition.

Hänni har òg hatt fleire tv-opptredenar, blant anna som programleiar for RTL II-showet BRAVO The Hits 2012 – The Show. Under den ellevte verdsmeisterskapen i wok i Oberhof, deltok Hänni i det sveitsiske firemannslaget som enda på ein sjetteplass.

Diskografi

Studioalbum TittelAlbumdetaljarHøgaste plasseringLister: Sveits Østerrike TysklandSertifiseringarSVIAUTTYSMy Name Is Luca Release: 18. mai 2012 Label: Universal Format sitt: CD, digital nedlastning112 SVI: Gull AUT: GullLiving the Dream Utgjeve: 19. april 2013 Selskap: Universal Format: CD, digital nedlasting1817Dance Until We Die (med Christopher S) Utgjeve: 11. april 2014 Selskap: Future Soundz Format: CD, digital nedlasting63851When We Wake Up Utgjeve: 18. september 2015 Selskap: Muve Recordings Format: CD, digital nedlasting64781

Singlar TittelÅrHøgasteplasseringSertifiseringarAlbumSVIAUTTYS«Don't Think About Me»2012111 SVI: GullMy Name Is Luca«The A Team»44——«Allein Allein»55——«I Will Die for You»374654«Shameless»2013254649Living the Dream«I Can't Get No Sleep»(med Christopher S)201424——Dance Until We Die«Good Time» (med Christopher S)28——«I Can't Get No Sleep (pianoversjon)»——— rowspan="2" «Only One You»56——«Set the World on Fire»201535——When We Wake Up«Wonderful»58——«WARUM!»2016———rowspan="4" «Powder»201729——«Signs»201853——«Bei mir»———«She Got Me»201912662«—» markerer at innspelinga ikkje nådde lista.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «John Lundvik» frå , den 8. desember 2021.

Kategori:Sveitsiske musikarar Kategori:Sveitsiske låtskrivarar Kategori:Sveitsiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar