mini|Nevena Božović framfører «Kruna» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019. «Kruna» (serbisk-kyrillisk «Круна»; norsk tyding 'krone') er ein song frå 2019 som er skriven og framført av den serbiske songaren Nevena Božović. Songen var det serbiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.
Om songen 10. januar 2019 vart Nevena Božović og «Kruna» offentleggjord som ein av 24 deltakarar i songtevlinga Beovizija 2019. Songtevlinga vert arrangert av kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS), og vinnaren får representere Serbia i Eurovision Song Contest. «Kruna» kvalifiserte seg frå semifinalen 28. februar 2019, og deltok i finalen 3. mars 2019. «Kruna» vann finalen med 20 poeng og vart dimed det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019.
Eurovision Song Contest I januar 2019 vart Serbia trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Serbia hadde startnummer 9. «Kruna» vart blant dei ti beste i sin semifinale og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai. I finalen vart «Kruna» nummer 18 av 26 bidrag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kruna» frå , den 23. desember 2021.
Kategori:Serbiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Serbiskspråklege Eurovision Song Contest-songar