«Truth» ('sanning') er ein popsong frå 2019 som vert framført av den aserbajdsjanske songaren Chingiz. Songen var det aserbajdsjanske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen enda på åttandeplass i finalen med 302 poeng.
Bakgrunn «Truth» vart internt vald ut av İctimai Televiziya som det aserbajdsjanske bidraget til Eurovision Song Contest 2019. Låten er komponert av Borislav Milanov, Trey Campbell, Bo J, Pablo Dinero, Hostess og songaren sjølv, Çingiz Mustafayev. Songen vart utgjeven 8. mars 2019.
Eurovision Song Contest I januar 2019 vart Aserbajdsjan trekt ut til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Aserbajdsjan hadde startnummer 18. Dette vart dermed det siste bidraget ut på scena. I avrøystinga vart «Truth» blant dei ti beste bidraga i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai. I finalen enda «Truth» på åttandeplass med 302 poeng.
Listeplasseringar Liste (2019)Høgaste plassering (Eesti Tipp-40)31 (IFPI)100 (AGATA)10 (Schweizer Hitparade)43 (Sverigetopplistan)91
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Truth (Chingiz-sang)» frå , den 26. desember 2021.
Kategori:Aserbajdsjanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar