«Fuego» ('eld') er ein popsong frå 2018 som vert framført av den greske songaren Eleni Foureira. Songen representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2018, der han enda på andreplass bak Netta Barzilai og «Toy» frå Israel. «Fuego» er komponert av den svenske produsenten og låtskrivaren Alexander Papaconstantinou og vart utgjeven for sal 9. mars 2018.
Bakgrunn Den kypriotiske kringkastaren RIK kunngjorde at Eleni Foureira skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest i 2018. Låten «Fuego» vart offentleggjord som det kypriotiske bidraget 1. februar 2018, og heile låten vart utgjeven ein månad seinare.
Fram mot semifinalen vart «Fuego» stadig meir populær, og dagen før den fyrste semifinalen gjekk låten til topps på favorittlista til spelselskapa.
«Fuego» vart framført som det siste bidraget i den fyrste semifinalen tysdag 8. mai 2018. Songen enda på andreplass og var dimed kvalifisert til finalen laurdag 12. mai. I finalen var songen det 25. og nest siste bidraget ut på scena, og ende òg her på ein andreplass.
Om songen Tittelen til songen er «Fuego», som er spansk for 'eld', men resten av teksta er på engelsk. Foureira har sagt at songen skal fortelja at kvinner kan vere «sexy og mektige, og at det ikkje er noko gale med det».
Listeplasseringar Liste (2018)Høgasteplassering (Ö3 Austria Top 40)35, Flandern (Ultratip)10 (SNEP)70 (Digitalt sal)1 (Irish Singles Chart)50 (Media Forest)10 (Single Top 100)96 (VG-lista)16 (Official Charts Company)30 (Promusicae)9 (Schweizer Hitparade)46 (Sverigetopplistan)14 (UK Singles Chart)64 (Offizielle Deutsche Charts)81
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fuego (sang)» frå , den 28. desember 2021.
Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2018-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar