zalagasper (tidlegare kalla Zala Kralj & Gašper Šantl) er ein slovensk musikkduo frå Maribor, beståande av vokalisten Zala Kralj og instrumentalisten Gašper Šantl. Duoen representerte Slovenia i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Sebi».
Bakgrunn Zalagasper vart skipa i 2018 etter at Kralj starta med å syngje nokre av songane til Šantl. I starten var Kralj berre kreditert som featured artist. Duoen gav ut singlane «Valovi», «Baloni» og «S toboi» i 2018, før dei gav ut debut-EP-en Štiri i februar 2019. Same månad vann dei songtevlinga EMA med songen «Sebi».
Tevlinga vert arrangert og vert send av den slovenske allmennkringkastaren RTVSLO, og er det slovenske uttakinga til Eurovision Song Contest. Duoen fekk dimed representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Der enda dei som nummer 15 av 26 deltakarar i finalen.
Medlemmar
Zala Kralj – vokal, sampler Gašper Šantl – gitar, sampler, produksjon
Diskografi
Album TittelDetaljar4 Utgjeve 14. februar 2020 Merke: Universal Music Slovenia Format: Digital nedlasting
EP-ar TittelDetaljarHøgaste plasseringSLOŠtiri Utgjeven: 16. februar 2019 Merke: Universal Music Slovenia Format: Digital nedlasting—
Singlar TittelÅrHøgaste plasseringAlbumESTLTUSLOSVEHeat.SVI«Valovi»2018—————Štiri og 4«Baloni»—————«S toboi»—————«Sebi»2019323321377«Come to Me»—————4«Signals»—————«—» markerer ein song som ikkje nådde lista eller som vart utgjeven.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zalagasper» frå , den 28. desember 2021.
Kategori:Slovenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Slovenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar