mini|Midtbyen i Los Angeles

Los Angeles County er eit fylke i sørdelen av den USA-amerikanske delstaten California. Fylket, som ligg langs Stillehavet, er 12 310 km² stort, av dette er 1790 km² dekt av vatn. Med 10,01 millionar ibuarar er fylket det mest folkerike i heile USA.

Fylket vart grunnlagt i 1850. Fylkesadministrasjonen har sete i byen Los Angeles. Palmdale, Pasadena og Santa Monica er større byar i fylket.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Los Angeles County, California» frå , den 5. januar 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:County i California Kategori:Skipingar i 1850