mini|Muffe i pels mini|Måleri av Axel Endar (1853–1920) som viser norsk jente med skøyter og vinterdrakt med muffe. mini|Samar frå Finnmark i tradisjonelle drakter. Kvinna i midten har muffe i tilpassa mønster. Muffe er eit klesplagg til å stikke hendene inn i for å halda dei varme når det er kaldt ute. Plagget blei særleg brukt før, til tider også innandørs som elegant motetilbehøyr for kvinner.Oppslagsordet «muffe“ i Store norske leksikon (fri gjenbruk av tekst) Muffer kunne ha ulike fasonger, men var vanlegvis sylinderforma med opningar til hendene i kvar ende. Dei kunne vera laga av skinn, fjører eller tekstil, ofte med vattering innvendig.Oppslagsordet «muffe“ i Store norske leksikon (fri gjenbruk av tekst) Muffer er kjende frå renessansen, og blei på 1600- og 1700-talet brukt av både kvinner og menn. Seinare blei plagget berre brukt av kvinner. På byrjinga av 1900-tallet gjekk populariteten tilbake, men bruken fekk eit lite oppsving sist på 1940- og inn på 1950-talet.
Ordet muffe (på engelsk, tysk og svensk muffOppslagsordet «muffe» i ordbog over det danske sprog (etymologi i dansk og eldre norsk)) kjem truleg opphavleg frå det gamle franske moufle som tyder 'tjukk hanske eller vante'.Oppslagsordet »muff» i Svenska Akademiens ordbok (etymologi i svensk)
Galleri
Sjå òg
Hanskar Vottar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muffe (klesplagg)» frå , den 10. januar 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Historiske klede Kategori:Klede for armar og hender Kategori:Vinterklede