Nadia Fanchini () er ein italiensk tidlegare alpin skirennar frå Lovere i Bergamo-provinsen. Ho vann bronsemedaljen i utforrennet under VM i alpine greiner 2009, fire år seinare tok ho sølvmedaljen i same øvinga ved verdsmeisteeskapen. I sin beste sesong, 2009-sesongen, vart ho nummer 2 i super-g-øvinga i FIS-turneringa, og enda på niandeplass i den samla verdscupen i alpine greiner. Ho sigra i to enkeltrenn i verdscupen, fyrst vann ho ei super-g-tevlinga i desember 2008, seinare vann ho eit utforrenn i mars 2016.
Også systera Elena Fanchini hevda seg i internasjonal skisport.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nadia Fanchini» frå , den 18. januar 2022.
Kategori:Italienske alpinistar