Hyrule Warriors: Age of Calamity er eit hack-and-slashspel utvikla av Omega Force. Det vart utgjeve av Koei Tecmo i Japan og av Nintendo internasjonalt til Nintendo Switch i 2020. Handlinga er sett til 100 år før hendingane i The Legend of Zelda: Breath of the Wild, Link og prinsesse Zelda må samla allierte rundt om i Hyrule for å avverja styrkane førte av den vonde Calamity Ganon, som prøver å gjenoppliva seg sjølv og leggja kongeriket i ruinar.
I likskap med det originale Hyrule Warriors (2014), er Age of Calamity ein «crossover« som blandar verda og karakterane frå The Legend of Zelda-serien til Nintendo med spelemekanikkane frå Dynasty Warriors-serien til Koei Tecmo. Hyrule Warriors: Age of Calamity fekk positiv mottaking for spelemekanikkane, dei varierte spelestilane til dei ulike karakterane, mengda av innhald, grafikken, lydsporet og utvidinga av historia i Breath of the Wild. Det fekk kritikk for korleis det yta, særleg den ujamne biletfrekvensen, og handlinga fekk noko blanda respons, særleg bruken av tidsreiser. Over tre millionar kopiar av Age of Calamity vart distribuerte i løpet av dei fire første dagane etter lanseringa, som gjorde det til det mestseljande spelet i Warriors-serien til då.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hyrule Warriors: Age of Calamity» frå , den 8. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Actionspel Kategori:Dataspel frå 2020 Kategori:Nintendo Switch-spel