Svartkurleslekta (Nigritella) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Systematikk I svært mange klassifiseringar, mellom anna i Sverige, Finland og Plants of the World Online, er svartkurleslekta Nigritella innlemma i brudesporeslekta Gymnadenia. I Artsdatabanken og i Norsk flora har ein vald å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt.
Den sjeldne arten brudekurle eller raudkurle, som berre finst i Nord-Sverige, er av hybrid opphav mellom svartkurle og brudespore. Når svartkurleslekta ikkje blir innlemma i Gymnadenia, slik Artsdatabanken har valt, blir dette ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) som då får eit eige slektsnamn, ×Gymnigritella.
Artar Artsdatabanken opererer med ein art i Noreg:
svartkurle (N. nigra)
Arten er teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sterkt truga (EN).
I Norden finst elles ein art av hybrid opphav mellom svartkurle og brudespore: raudkurle eller brudekurle (×Gymnigritella runei, [Gymnadenia runei]), endemisk for Sverige (NT)
Elles finst dei nærmaste slektningane i Alpane. Desse artane er registrerte i Tyskland: N. dolomitensis (Teppner & E. Klein) Hedrén et al. [Gymnadenia dolomitensis] N. miniata (Crantz) Janch. [Gymnadenia miniata] N. nigra ((L.) Rchb. f. [Gymnadenia nigra] N. nigra ssp. austriaca Teppner & E. Klein [Gymnadenia austriaca] N. rhellicani Teppner & E. Klein [Gymnadenia rhellicani] N. widderi Teppner & E. Klein [Gymnadenia widderi]
Det er mogleg at N. nigra òg kan finnast heilt sør i Polen.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Slekter i orkidéfamilien