Breiflangre (Epipactis helleborine) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. I raudlistevurderiga 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).

Utsjånad Breiflangre kan bli kring 80 centimeter høg, under gode tilhøve stundom over 1 meter, og har eit aks av blomar med fargetonar som kan variere i grønt, brunt, fiolett eller raudt. Blada, som sit vekselvis oppover stengelen, er noko breiare enn hos raudflangre.

Systematikk Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet breiflangre på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått namnet skogbreiflangre.

Underartane i Noreg er: skogbreiflangre (nominatunderarten E. helleborine ssp. helleborine) dyneflangre eller jærflangre (E. helleborine ssp. neerlandica)

I den svenske Artdatabanken er det oppgitt ein underart til i Sverige: E. helleborine ssp. orbicularis (svensk namn tallknipprot)

I nyare polsk litteratur reknar ein med ein annan underart: E. helleborine ssp. leuti (førebels ikkje polsk namn)

I Plants of the World Online og WFO – The World Flora Online reknar ein desse underartane: Epipactis helleborine subsp. bithynica (Robatsch) Kreutz: Tyrkia (Anatolia) og Armenia Epipactis helleborine subsp. helleborine Epipactis helleborine subsp. neerlandica (Verm.) Buttler Epipactis helleborine var. tangutica (Schltr.) S.C.Chen & G.H.Zhu: sentrale Asia til Kina Epipactis helleborine subsp. tremolsii (Pau) E.Klein: landa rundt Middelhavet og Svartehavet

Utbreiing Breiflangre veks naturleg i Europa og Asia, og er òg introdusert til Nord-Amerika. Arten er knytt til kalkrik (alkalisk) skog. I Noreg er han vanleg han over store delar av landet, men ikkje i høgareliggjande område på Austlandet eller lengst nord i landet.

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn skogsknipprot), i Danmark (LC, dansk namn skov-hullæbe) og i Finland (LC, finsk namn lehtoneidonvaippa).

Breiflangre (engelsk namn broad-leaved helleborine) er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC), på same måte som lokalt i England og Wales, og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland. Underarten ssp. neerlandica (dyneflangre) er rapportert frå Wales, men er så langt ikkje endeleg stadfesta, og står i raudlista på venteliste (WL). Andre forekomstar på Dei britiske øyane er nominatunderarten. Ei noko avvikande form, som stundom har vore rekna som ein eigen art (kalla E. youngiana), blir no rekna for høgst å vere ein varietet av underarten skogbreiflangre (E. helleborine ssp. helleborine var. youngiana).

I Estland (estisk namn laialehine neiuvaip) er breiflangre vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC). I Latvia (latvisk namn platlapu dzeguzene) er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista. I Litauen (litauisk namn plačialapis skiautalūpis) veks arten over heile landet, men er mest vanleg der et er mykje kalk i grunnen og mindre vanleg der det er mykje sand. Han er rekna som livskraftig.

I Benelux er arten (nederlandsk namn brede wespenorchis, fransk namn épipactis à larges feuilles) vanleg i Nederland, så òg både i Flandern og Vallonia i Belgia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd), I Belgia er han rekna som livskraftig i Flandern (LC, momenteel niet in gevaar) og i Vallonia (LC, préoccupation mineure). I Luxembourg er han òg rekna som livskraftig (LC). I Tyskland er breiflangre (tysk namn Breitblättrige Ständelwurz) rekna som livskraftig (LC, ungefährdet), likeeins i Polen (polsk namn kruszczyk szerokolistny).

Hybridar Dei kjende hybridane med breiflangre gjeld nominatunderarten skogbreiflangre.

Hybriden med raudflangre (Epipactis atrorubens × helleborine ssp. helleborine eller Epipactis ×schmalhausenii) er registrert i Østfold og finst truleg fleire stader i Noreg. Han er kjend frå Sverige, Storbritannia og Polen, medan eit herbarieeksemplar frå Møn i Danmark kan vere feilbestemt.

Hybriden med snauflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × phyllanthes eller Epipactis ×bruxellensis) er registrert i Sverige og er funnen i herbariemateriale frå Sjælland i Danmark. Hybriden med purpurflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × purpurata eller Epipactis ×schulzei) var berre registrert nokre få stader aust på Jylland og på Falster, men er funnen fleire stader dei siste åra. På Dei britiske øyane er han registrert mange stader i Sør-England. Hybriden med grønflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × leptochila eller Epipactis ×stephensonii) er rapportert frå sør i England, men ikkje verifisert.

Hybridar med Epipactis dunensis (Epipactis dunensis × helleborine ssp. helleborine) er kjend frå mange stader i Skottland. I Nederland er det òg registrert ein hybrid med Epipactis muelleri (Epipactis helleborine ssp. helleborine × muelleri eller Epipactis ×reinekei).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Flangreslekta