Ophrys sphegodes er ei plante i flugeblomslekta Ophrys i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk Arten er av somme kjelder skildra som O. aranifera.

I Tyskland er det òg skildra arten O. araneola, som elles helst blir rekna som underarten Ophrys sphegodes ssp. araneola.

I Plants of the World Online og WFO – The World Flora Online reknar ein med desse underartane: Ophrys sphegodes subsp. aesculapii (Renz) Soó ex J.J.Wood: Hellas Ophrys sphegodes subsp. amanensis (E.Nelson ex Renz & Taubenheim) H.A.Pedersen, P.J.Cribb & Rolf Kühn: Tyrkia Ophrys sphegodes subsp. araneola (Rchb.) M.Laínz Ophrys sphegodes subsp. atrata (Rchb.f.) A.Bolòs: frå Portugal til Serbia Ophrys sphegodes subsp. aveyronensis J.J.Wood: Frankrike, Spania Ophrys sphegodes subsp. catalcana Kreutz: europeisk Turkia Ophrys sphegodes subsp. cretensis H.Baumann & Künkele: Kreta og andre greske øyer Ophrys sphegodes subsp. epirotica (Renz) Gölz & H.R.Reinhard: Albania, Hellas Ophrys sphegodes subsp. gortynia H.Baumann & Künkele: Kreta og andre greske øyer Ophrys sphegodes subsp. helenae (Renz) Soó & D.M.Moore: Albania, Hellas Ophrys sphegodes nothosubsp. jeanpertii (E.G.Camus) Del Prete & Conte: Frankrike, Spania, Balkan hybridformel: O. sphegodes subsp. araneola × O. sphegodes subsp. sphegodes Ophrys sphegodes subsp. lycia (Renz & Taubenheim) H.A.Pedersen & P.J.Cribb: Tyrkia Ophrys sphegodes subsp. passionis (Sennen) Sanz & Nuet: sørvestlege Europa Ophrys sphegodes var. provencalis (Czerniak.) P.J.Cribb: Frankrike Ophrys sphegodes subsp. sipontensis (R.Lorenz & Gembardt) H.A.Pedersen & Faurh.: Puglia Ophrys sphegodes subsp. sphegodes Ophrys sphegodes subsp. spruneri (Nyman) E.Nelson: Kreta og andre greske øyer Ophrys sphegodes subsp. taurica (Aggeenko) Soó ex Niketic & Djordjevic: søraustlege Europa, vestlege Asia Ophrys sphegodes var. transhyrcana (Czerniak.) P.J.Cribb: Iran

Utbreiing O. sphegodes (engelsk namn early spider orchid) lever på Dei britiske øyane i dei søraustlege delane av England. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC), til liks med lokalt i England. I Wales er han rekna som regionalt utdøydd (RE).

I Benelux har arten (nederlandsk namn spinnenorchis, fransk namn ophrys araignée) i Nederland berre vore registrert med få, kortlevde einskildfunn. I Belgia er han ikkje etablert i Flandern, og i Vallonia har han berre ein kjend vekseplass i Ardennane. Arten er ikkje teken med på den nederlandske raudlista. I Belgia er han rekna som regionalt utdøydd (RE, regionaal uitgestorven) i Flandern og kritisk truga (CR, en danger critique) i Vallonia (som O. aranifera). I Luxembourg er han rekna som kritisk truga (CR).

I Tyskland er arten (tysk namn Spinnen-Ragwurz) rekna som sterkt truga (EN, stark gefährdet).

Hybridar I England er det påvist at Ophrys sphegodes kan danne hybridar med flugeblom (Ophrys insectifera × sphegodes, òg kalla Ophrys ×hybrida) og med Ophrys holosericea (Ophrys holosericea × sphegodes eller Ophrys ×arachnitiformis). Båe er registrerte i Kent.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Flugeblomslekta