Wildlife er det tredje studioalbumet til det britiske rockebandet Mott the Hoople.
Albumet vart opphavleg gjeve ut i 1971, i Storbritannia på Island Records og i USA på Atlantic Records. Det nådde 44. plassen på UK Albums Chart i april 1971.
Innspeling Albumet vart spelt inn i november og desember 1970 i Island Studios i London. Det vart produsert av Guy Stevens og Mott the Hoople. Lydtekniarar var Andy Johns, Brian Humphries og Phill Brown.
Mottaking
Ben Edmonds skreiv for Rolling Stone i juni 1971 at han følte bandet og songaren hadde gått bort frå Bob Dylan-likskapen på dei første to albuma og lagt til ein smak av country. Dei hadde produsert eit album med «meir enn nok solid musikk» som burde gje dei merksemd i Amerika.
Stephen Thomas Erlewine i AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og skreiv: «Sidan dei hadde oppnådd lite suksess og verka å køyre av vegen, vart Mott the Hoople oppfordra til å produsere det tredje albumet deira med nokon andre enn Guy Stevens. Til slutt valde dei å produsere albumet sjølv, og skapte eit album som var lystig og slagkraftig, i direkte kontrast til den svøypande tåka på Mad Shadows. Dei enda opp med Wildlife, ei plate som framleis verkar som ein overgang, og som likevel er langt meir sjølvsikker, einskapleg og glederikt.»
Innhald
Medverkande Ian Hunter – solovokal (spor 2, 4, 5, 7, 9), and korvokal, rytmegitar, piano Mick Ralphs – sologitar, solovokal (spor 1, 3, 6, 8), korvokal Verden Allen – orgel, korvokal Pete «Overend» Watts – bass, korvokal Dale «Buffin» Griffin – trommer, korvokal
Andre medverkande Jerry Hogan – steelgitar på «It Must Be Love» og «Original Mixed-Up Kid» Jess Roden – korvokal på «Lay Down» Stan Tippins – korvokal på «Lay Down» Michael Gray – strykearrangement og dirigent på «Waterlow» Jim Archer – fiolin på «Angel of Eighth Avenue»
Teknisk Andy Johns, Brian Humphries, Phill Brown – lydteknikar Brian Cooke – fotografi
Salslister
Liste (1971)PlasseringOfficial Charts (Storbritannia)44
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wildlife (Mott the Hoople album)» frå , den 15. mars 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Mott the Hoople-album Kategori:Album produserte av Guy Stevens Kategori:Island Records-album