Verdscupen i skiskyting 1988 tok til 17. desember 1987 og vart avslutta 20. mars 1988. Turneringa omfatta 11 individuelle tevlingar. Renna fann stad i Hochfilzen i Austerrike, Antholz i Italia, Ruhpolding i Vest-Tyskland, Oslo i Noreg og i Keuru og Jyväskylä i Finland.

Dei mannlege utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 7,5 km. Fritz Fischer frå Vest-Tyskland gjekk til topps i turneringa, på dei neste plassane kom norske Eirik Kvalfoss og italienaren Johann Passler. Kvalfoss og austtyske Frank-Peter Roetsch vann to enkelt-tevlingar kvar.

Den fyrste verdscupen i skiskyting for kvinner enda med to norske utøvarar på topp, Anne Elvebakk sigra føre Elin Kristiansen, på tredjeplass kom bulgarske Nadesjda Aleksijeva. Dei kvinnelege utøvarane tevla i 10 km og 5 km, fem renn over kvar av distansane. Dessutan i fem stafettar med tre utøvar på laget.

Menn Individuelt Plass Utøvar Land PoengSigrar 1 Fritz Fischer 171 1 2 Eirik Kvalfoss 167 2 3 Johann Passler 160 1 4 Peter Angerer 151 5 Andreas Zingerle 148 6 Jan Matouš 147 7 Tapio Piipponen 146 8 Frank-Peter Roetsch 142 2 9 Gisle Fenne 125 1 10 Sergej Antonov 121 11 Alfred Eder 117 12 Stefan Höck 110 1 13 Herbert Fritzenwenger 106 14 Franz Wudy 99 15 Ernst Reiter 96 1 16 Josh Thomson 72 17 Francis Mougel 66 18 Leonid Reztsov 64 19 Vladimir Dratsjov 60 20 Frode Løberg 59 21 Franz Schuler 58 1 22 Jiří Holubec 58 23 André Sehmisch 55 24 Harri Eloranta 47 25 Jürgen Wirth 41

Kvinner Individuelt Plass Utøvar Land PoengSigrar 1 Anne Elvebakk 202 1 2 Elin Kristiansen 188 2 3 Nadesjda Aleksijeva 178 4 Petra Schaaf 174 5 Iva Sjkodreva 170 2 6 Marija Manolova 156 1 7 Tsvetana Krasteva 144 1 8 Helga Øvsthus 130 1 9 Martina Stede 122 10 Véronique Claudel 118 11 Dorina Pieper 117 12 Synnøve Thoresen 105 1 13 Marie-Pierre Baby 95 14 Inga Kesper 94 15 Mona Bollerud 86 1 16 Patrice Jankowski 86 17 Tuija Vouksiala 83 18 Seija Hyytiäinen 79 19 Sabiene Karlsson 68 20 Siri Grundnes 64

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltcup 1987/88» frå , den 16. mars 2022.

Kategori:Skiskyting i 1988 1988