«Lonely This Christmas» er ein julesong av det engelske glamrockbandet Mud, som toppa UK Singles Chart i 1974, selde over 750 000 eksemplar og låg på toppen av den britiske singellista i juleveka.

Songen vart skriven og produsert av Nicky Chinn og Mike Chapman og vart den andre songen som Mud klarte å få på toppen av den britiske singellista. Han låg fire veker på toppen i desember 1974 og januar 1975. Det var den tredje førsteplassen det året for Chapman og Chinn som låtskrivarar og produsentar, og vart framført i liknande stil som ein av dei meir langsame Elvis Presley-songane.

Mud framførte songen på Top of the Pops der gitaristen Rob Davis var dekt i glitter og hadde julekuler som øyredobbar, medan vokalisten Les Gray song til ei buktalardokke.

Salslister

Vekeslister Liste (1974) Plassering

Årslister Liste (1975) Plassering Belgia (Ultratop Flandern) 69

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lonely This Christmas» frå , den 19. mars 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar om einsemd Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Britiske julesongar Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Nummer-ein-singlar i Belgia Kategori:Songar skrivne av Nicky Chinn Kategori:Songar skrivne av Mike Chapman Kategori:Songar frå 1974 Kategori:RAK Records-singlar Kategori:Songar produserte av Mike Chapman Kategori:Mud-songar