White Light/White Heat er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Velvet Underground. Det vart gjeve ut 30. januar 1968 på Verve Records, og var den siste studioinnspelinga bandet gjorde med multiinstrumentalisten og det opphavlege medlemmet John Cale. Plata vart spelt inn etter at Reed sparka Andy Warhol, som hadde produsert debutplata The Velvet Underground & Nico. Gruppa hyrte Steve Sesnick som ny manager og produsenten Tom Wilson som hadde arbeidd på debutplata. Lydteknikar på White Light/White Heat var Gary Kellgren.

Albumet har tekstar med overskridande tema som på debutplata, som sex, amfetamin og dragqueens. Reed var inspirert av ei rekkje forfattarar, inkludert William S. Burroughs og Alice Bailey, og tekstene skaper fleire karakterar, til dømes i «The Gift» og dei som er namngjevne i «Sister Ray». Musikalsk henta han inspirasjon frå jazz og musikarar som saksofonisten Ornette Coleman. Warhol unnfanga plateomslaget til plata, sjølv om han ikkje offisielt er nemnt for dette.

White Light/White Heat vart spelt inn raskt og modellert etter konsertstilen deira og måten dei improviserte på. Siden dei ofte spelte høgt med nytt utstyr frå ein utstyrsavtale med Vox, vart derimot sluttproduktet komprimert og forvrengt – og dei fleste i bandet var misnøgde med resultatet. Det vart følgd opp av det mindre eksperimentelle The Velvet Underground året etter. Cale slutta i bandet seinare i 1968. Forvrengningsnivået vart ein prototype for punkrock og støyrock. Den 17 minuttar lange «Sister Ray» er rekna som det mest sentrale sporet på albumet av både kritikarar og fans.

White Light/White Heat selde færre eksemplar enn The Velvet Underground & Nico, og nådde berre 199. plassen på Billboard Top LPs-lista. Den einaste singelen på albumet, «White Light/White Heat», klarte ikkje å gå inn på salslista, noko bandet meinte kom av at songen ikkje vart spelt på radio og mange på marknadsføring frå Verve. Albumet vart avvist av mange musikkritikarar på den tida, sjølv om undergrunnsaviser la merke til det. Til sjuande og sist hadde White Light/White Heat ein enorm innverknad på tidlige former for punkrock og no wave og har dukka på fleire lister over tidenes beste album.

Bakgrunn Etter det skuffande salet av det første albumet til Velvet Underground, The Velvet Underground & Nico (1967), vart forholdet deira til Andy Warhol dårlegare. Dei turnerte gjennom det meste av 1967, og mange av konsertane deira inneheldt støyande improvisasjonar som vart nøkkelelement på White Light/White Heat. Bandet sparka Warhol, slutta samarbeidet med Nico (som ho skildra som å få sparken), og spelte inn det andre albumet med Tom Wilson som produsent. Jack Donohue, skreiv for Tech, studentavisa til MIT, og vart ein av dei første til å annonsere at bandet arbeidde på ein oppfølgjar. Bandet hadde fått tak i nytt elektronisk utstyr i ein avtale med Vox. Stilen på albumet vart frå starten av planlagt å vere mot Summer of Love i San Francisco og skulle fange konsertstilen deira.

Steve Sesnick vart vald som ny manager for bandet, og han vart akseptert av alle bandmedlemmane utanom bassisten John Cale; trommeslagaren Moe Tucker rekna han til og med som eit femte medlem av gruppa. Songaren Lou Reed påverka albumet med lidenskapen sin for astrologi, særskild interessa hans for den astrologisk opposisjonen mellom Jomfrua og Fiskane. Øvingane var liknande debutplata til bandet, og der dei beste songane deira i stor grad vart utforma i studio. Cale sa likevel at ingen i bandet «hadde tolmod til å øve» på albumet, sjølv etter mange forsøk på å gjere det.

Innspeling Albumet vart spelt inn over ein kort tidsperiode, og med ein merkbart annleis stil enn The Velvet Underground & Nico. Tiår etter utgjevinga skildra John Cale (i platenotata til Peel Slowly and See) White Light/White Heat som «ei veldig rabiat plate... Den første hadde noko som var mildt, noko fint. Den andre var bevisst anti-fin.»<Sterling Morrison, sologitaristen i bandet, sa: «Me drog alle i same retning. Me kan ha dratt kvarandre utfor eit stup, men me gjekk definitivt alle i same retning.» Tucker meinte at det to veker å spele inn albumet, fordelt på sju innspelingsøkter. Det vart «nesten» spelt inn på ein dag - bandet ville ikkje «tilpasse det dei prøvde på grunn av avgrensingane i studioet», ifølge Morrison. Dei var godt førebudde, og spenningen mellom Cale og Reed var ikkje tydelig i studio.

White Light/White Heat vart spelt inn i september 1967 i Mayfair Sound Studios på Seventh Avenue på Manhattan, medan songane vart utarbeidd sommaren før. Bandet gav spesifikt opp songar som høyrtest for milde ut – sjølv om Cale òg sa at bandet rett og slett ikkje hadde nok songar førebudd for innspelinga, noko som førte til ei redusert sporliste. Wilson var langt meir involvert på White Light/White Heat, etter at han opphavleg berre produserte «Sunday Morning» på The Velvet Underground & Nico. Han var likevel ikkje sterkt delaktig, fordi han brukte mykje tid med kjærastane sine.

Reed ønskte målretta å gå «så høgt og så hardt me kunne». På den tida spelte Reed ein 12-strengsgitar, Gibson- og Epiphone-gitar. Han brukte òg Vox-forsterkarar. Bandet brukte òg forvrengningspedalar frå Vox i full utstrekning. Innspelingsteknikaren Gary Kellgren skal visstnok ha sagt «du kan ikkje gjere det – alle nålene er på raudt» under innspelingsøktene. For å få lyden av ein karakter som får ein kniv gjennom skallen i «The Gift», knivstakk eller knuste Reed ein melon, etter forslag frå Frank Zappa, som spelte inn i same studio. For «Sister Ray» arbeidde bandet individuelt i staden for å koordinere saman – trommene vart overdøyvd på grunn av støynivået. Songen vart med vilje spelt inn i eitt opptak for å forhindre konstant forskyving av lyden på han, slik det hadde skjedd på «Heroin» på forrige plate. Tucker var misnøgd med sluttproduktet, då Wilson gløymde å skru på nokre av trommemikrofonane hennar under innspelinga. Ifølge Reed gjekk Kellgren ut under innspelinga av «Sister Ray».

«I Heard Her Call My Name» vart miksa på ny av Reed etter innspelinga for å forsterke vokalen hans, som Tucker sa øydela lyden på songen. Morrison vurderte albumet som ein teknisk feil. Morrison slutta i bandet i eit par dagar som svar. Medan han miksa albumet, oppdaga Reed korleis lyden av det vart forvrengt siden bandet spelte for høgt, og bandet klarte ikkje å løyse problemet siden dei ikkje hadde nok tid i studio. Cale sa at bandet forsømte korleis det å spele høgt ville påverke den tekniske kvaliteten på plata, og Morrison konkluderte med at ho var «dømt» på grunn av nivået av forvrenging og komprimering. Før utgjevinga trekte Wilson seg frå MGM Records, som eigde plateselskapet til bandet på den tida, og kom aldri til å jobbe med bandet igjen.

Innhald White Light/White Heat har blitt skildra som eksperimentell rock, støyrock, proto-punk og kunstrock. «White Heat» var på denne tida slang for kjensla av å ta amfetamin. Teksten på plata varierer frå tema om narkotikabruk til seksuelle referansar (som munnsex og orgiar), slik som tittelsporet «White Light/White Heat », som indikerer intravenøs bruk av metamfetamin. «Here She Comes Now» er bygt opp rundt ei dobbeltyding. På det siste sporet på albumet, «Sister Ray», fortel Reed ei soge om utskeingar som involverer dragqueens som har ein mislukka orgie. Reed kommenterte seinare korleis «Sister Ray» var føre si tid, særskild den tidlege forma for heavy metal brukt i songen.

Side ein Plata opnar med «White Light/White Heat» som skildra dei fysiske effektane av amfetaminbruk. Han består av ein enkel to-akkords progresjon av G5 og A5, og inneheld element av både heavy metal og doo-wop. Det er ein av songane på albumet med meir tradisjonelle rock'n'roll-element, og medan han diskuterer amfetamin er han òg påverka av ei av favorittbøkene til Reed, Alice Bailey sin A Treatise on White Magic, som inspirerte uttrykket «White Light». Reed vart intervjua av ein radiostasjon i Oregon, som Richie Unterberger oppsummerer: «Reed har nyleg undersøkt ei japansk form for lækjing i Los Angeles som er «ein måte å gje frå seg kvitt lys... Eg har vore involvert og interessert i det dei kallar kvitt lys i lang tid .» Han diskuterer kort Alice Bailey og den okkulte boka hennar A Treatise On White Magic... «Det kosta rundt ti dollar, dessverre», sa han unnskyldande.»

«The Gift» er eit spor med talt vokal i venstre kanal og det musikalske akkompagnementet i høgre kanal, som av Wilson vart skildra som om bandet hadde ein «stereo prefrontallappar». Soga kom frå ei anna soge som Reed skreiv for Shelley Albin, kjærasten hans på ungdomsskolen. Sjølve songen er avleidd frå ei soge Reed skreiv ved Syracuse University. Han diskuterer to karakterar, Marsha og Waldo, over gitar-feedback i form av ein bluesrock-instrumental. Dette var første gongen Cale song solo for bandet, og synte improvisasjonsrøtene deira.

«Lady Godiva's Operation» har ein tekststil påverka av William S. Burroughs. Songen var dels inspirert av erfaringa Reed hadde med elektrosjokkbehandlingar i tenåra, og er nok ein av dei tonesette novellene til Reed, men er meir instrumentalt avansert enn «The Gift». Cale song korvokal, som vert «sungen» i staden for snakka, og han grøssa og imiterte lydane frå ein oksygenmaskin medan han spelte inn sporet. Kva type operasjon Lady Godiva føretar er uklart, sjølv om det ser ut til å handle om ein transseksuell og relatert til kjønnsskifte. Reed syng om kjønnsendrande kirurgi, som det går fram av setningane «Doctor arrives with knife and baggage / sees the growth as just so much cabbage».

Tittelen på «Here She Comes Now» er ei dobbeltyding. Songen vart skriven for å bli sungen av Nico, før bandet hamna på kant med ho. Det var ein folkrock-song, og er det einaste sporet på albumet som minner om moderne rock. Det er òg den einaste songen som i fellesskap vart kreditert til Reed, Cale og Morrison.

Side to «I Heard Her Call My Name» er ein kjærleikssong for ei død jente. Gitarspelet til Reed var inspirert av Jimi Hendrix, og songen er av Unterberger blitt skildra som frijazz med «banshee-liknande gitartonar» . Han har element av garasjerock, medan gitarsoloen var inspirert av jazz-saksofonisten Ornette Coleman. Reed-biografen Howard Sounes oppsummerte sporet som «Tucker held ein hektisk rytme gåande medan Reed leverte ein speed-rap som slutta med ein tankevekkande gitarsolo».

Reed sa i et Rolling Stone-intervju at «Sister Ray» vart inkludert etter forslag frå Warhol, som bad om at han «må sørge for at du tar med «sucking on my ding-dong»-songen». Sporet vart skriven på eit tog heim frå ein dårleg konsert i Connecticut. Reed forklarte songen som «ein gjeng med drag-queens som tar nokre sjømenn med seg heim, fyller i seg heroin og har ein orgie når politiet dukkar opp». Tittelen er kalla opp etter ein dragqueen. Songen har òg element av frijazz frå Reed si interesse for Coleman og Cecil Taylor. Det meste av songen er improvisert. Wilson produserte Taylor-albumet Jazz Advance i 1956. Songen fortel denne soga gjennom ulike karakterar, som Soumes skreiv minte om den generelle låtskrivarstilen til Reed: det er «ein semi-abstrakt historie med bruk av repetisjon og dop-slang, òg leir med lyden av ord, stamming og jamming av ord saman». Soumes sa òg at han inneheld liknande tema som favorittbøkene til Reed, Hubert Selby jr. sin Last Exit to Brooklyn (1964) og John Rechy sin City of Night (1963). Den instrumentale jammen var spontan, slik Reed ønskte det, og han har heller ingen bassgitar.< ref name=":2"/> Gitarane i sporet skapte eit «tett musikalsk bakteppe» til tekstene før eit forvrengt elektrisk orgel, spelt av Cale, vart med. Tucker ville sei at det var meir enn berre støy, då alle som spelte framleis følgde takten til Tucker. Det tredje verset inneheld eksplisitte seksuelle referansar, noko som var sjeldan for Reed, spesielt i linja «She's just suckin' on my ding dong/I'm searchin' for my mainline».

Utgjeving