mini|Illustrasjon av tre systrer-metoden høgre|mini|Tre systrer-vekstane avbilda på den amerikanske Sacagawea-dollarmynten frå 2009 Tre systrer-metoden viser til samdyrkinga av dei tre hovudvekstane for fleire grupper amerikanske urfolk: mais, graskar og klatrande bønner.
Når desse tre vekstane blir planta nær kvarandre, oppstår det ein symbiose der kvar av plantane oppnår gjensidige fordelar gjennom kvarandre. Bønnene klatrar opp maisstenglane for å fanga meir lys, fikserer nitrogen frå lufta og bind det i jorda, slik at dei to andre plantane kan bruka det. Graskarblada dekker til jorda kring dei to andre plantane, så ugrasplantar ikkje kan ta over. Samstundes skaper graskarblada eit mikroklima slik at fukta i jorda blir bevart, noko alle tre plantande dreg fordel av. Dei stive små plantehåra på graskarstenglane held òg insekt unna. Denne gode plantekombinasjonen blir skildra ut frå eit antroposentrisk synspunkt som «tre systrer», altså bevisste vesen som gjennom ein slektskap ikkje øydelegg kvarandre som fiendar, men samarbeider som i ein familie.
Dyrkingsmetoden blei utvikla av dei amerikanske urfolk i løpet av 5000-6000 år. Graskar var den fyrste planten til å bli domestisert i steinalderen av dei amerikanske folkeslaga, for cirka 8 000-10 000 år sidan. Så blei mais og til sist bønneslektene domestiserte, og deretter oppdaga ein den nyttige symbiosen.
Som mat inneheld dei tre systrene samansette karbohydratar, sunne umetta feittsyrer, mineral, vitamin og alle 8 essentielle aminosyrer. Dette gjorde dei til ein viktig, næringsrik kost for mange av dei opphavlege innyggjarane i Amerika. Plantane var så verdifulle at irokesarane og andre stammar brukte dei tre systrene som betalingsmiddel ved byttehandel. Dette blei spegla i preginga av den særskilde Sacagawea-dollarmynten i 2009 i USA, som viser dyrking av dei tre systrene.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tre Søstre» frå , den 7. april 2022.
Kategori:Landbrukshistorie Kategori:Nordamerikansk urfolkskultur Systrer