mini|Áilu Valle er ein rap-artist frå Kaamasmukka i Utsjok. Han rappar på nordsamisk, finsk og engelsk. Samisk kultur omfattar samane sin andelege og materielle kultur. Natur, miljø og levesett har alltid vore utgangspunktet for den samiske kulturen. Han er også blitt påverka av møte med majoritetskulturar i dei ulike samiske områda. Skilnader internt i den samiske kulturen kjem av skilnadene mellom dei ulike samiske busetnadsområda.
Grunntrekka i den samiske kulturen blei danna frå og med 1300-talet. Etter nokre generasjonar med modernisering og språkleg og kulturell assimilering inn i dei dominerande statskulturane fekk den samiske kulturen ein renessanse frå og med slutten av 1960-talet. På 1970-talet oppstod det ei ny og sterkare samisk politisk rørsle, samiske massemedium, litteratur og kunst. Denne kulturelle oppreisten sameina tradisjonell samisk kultur med kulturelle straumdrag i samtida. Hendingane på 1970-talet blir ofte referert til som den samane si nasjonale oppvakning. Samane har rekna seg som eit folk så langt tilbake ein kjenner til, men ideen om Sápmi som ein samisk nasjon blei fyrst utbreidd blant samar på 1970-talet, og seinare blant majoritetskulturane. På 1980- og 1990-talet blei det teke i bruk eit samisk flagg, ein samisk nasjonalsong og det blei oppretta ein eigen samedag.
Symbol
Sameflagget mini|Det samiske flagget Det samiske flagget blei fyrst innført ved samekonferansen i Åre i Sverige den 15. august 1986. Det blei vald ut i ei tevling med fleire forslag. Utforminga som vann var laga av kunstnaren Astrid Båhl frå Skibotn i Noreg.
Motivet var avleidd frå ei runebomme og diktet «Päiven Pārne» ('Søner av sola') av sørsamiske Anders Fjellner, som skildrar samar som søner og døtrer av sola. Flagget har dei samiske fargane raudt, grønt, gult og blått, og ein sirkel i to fargar som står for sola (raud) og månen (blå).
Samefolkets dag Samefolkets dag blir market den 6. februar, som er datoen då den fyrste samekongressen blei halden i 1917 i Trondheim. Denne kongressen var den fyrste der norske og svenske samar kom saman frå sine ulike land for å prøva å finna felles løysingar på vanlege problem. Dagen blei innført i 1992, ved den 15. samekongressen i Helsinki. Noreg, Sverige og Finland har anerkjent 6. februar som samisk nasjonaldag sidan 1993.
Den samiske nasjonalsongen «» ('Songen til den samiske familien') var opphavleg eit dikt skrive av Isak Saba som fyrst kom ut i avisa Saǥai Muittalægje den 1. april 1906. I august 1986 blei det utropt til samisk nasjonalsong. Arne Sørli sette musikk til diktet, som blei godkjend ved den 15. samekonferansen i Helsinki i 1992. «» er blitt omsett til alle dei samiske språka.
Språk
Samiske språk dannar eit dialektkontinuum der nabospråk gjerne er gjensidig forståelege, medan språk som står fjernare frå kvarandre kan vera heilt gjensidig uforståelege. Det finst omlag 9 levande samiske språk i dag, der nokre har svært få talarar. Alle dei samiske språka er rekna som truga. Nordsamisk er det mest brukte med rundt talarar, deretter følgjer lulesamisk med rundt 2 000 talarar og sørsamisk med rundt 500. Det finst ingen nøyaktig statistikk over tal på samar eller brukarar av samiske språk, men ein reknar med at rundt 30 % av dei som er samar snakkar samiske språk.
Tilbakegang og revitalisering mini|venstre|Skulegammar for samiske nomadeborn i Jukkasjärvi i Lappland i Sverige på 1950-talet. mini|portrett|Sørsamisk kalender og termar ved Åarjel-saemiej skuvle i Snåsa i 2013.
På 1900-talet prøvde gjerne statane samane budde i å assimilera dei inn i majoriteten ved å få dei til å snakka majoritetsspråk i staden for samisk. Skoleinternat med forbod mot å snakke samisk var ein sentral del. Ulike former for press førte til at mange samar slutta å snakka samisk. Mot slutten av 1900-talet blei denne politikken endra fleire stader, og samiske språk fekk betre kår i skuleverket og samfunnet. Til dømes blei det lov igjen å bruka samisk som opplæringsspråk i norsk skule i 1959.
Ein del av den samiske nasjonale oppvakninga var det å få samiske språk som opplæringsspråk i dei samiske områda dei første skoleåra. I dag har samar i Noreg rett til opplæring i samisk og å få undervising på samisk i grunnskulen. I Enare kommune i Finland blir det i tillegg til på finsk blir undervist på nord-, enare- og skoltesamisk. Det er mogleg å ta den såkalla studenteksamen, dvs. eksamen frå finsk vidaregåande på nord- og enaresamisk, både som morsmål og framandspråk. Undervisning i enare- og skoltesamisk blir til dels hindra av mangel på pengar. Det er også utført prosjekt innan enaresamisk revitalisering der ein til dømes lagar språkreir for barn så dei får utvikla samiske språkferdigheiter. Tiltak for å støtta samisk ser ut til å ha kunna bremsa nedgangen i bruken av nokre av språka.
Ein kan i dag ta høgare utdanning i og på samisk ved Samisk høgskole og UiT Norges arktiske universitet i Noreg. Ved Nord universitet finst det studietilbod for lulesamisk og sørsamisk.
Litteratur
Samisk litteratur har ein lang munnleg tradisjon som omfattar eventyr, soger og joik. Språket blei fyrst skriftfesta på slutten av 1800-talet, og det kom ut ein stor variasjon av samisk litteratur på 1910-talet. Under assimileringspolitikken stod samisk litteratur svakt, men det tok seg opp att mot slutten av hundreåret, og i 1979 fekk nordsamisk ei felles rettskriving.
Dei fyrste viktige forfattarane kom frå finsk side: Nils-Aslak Valkeapää, Kirsti Paltto, Jovnna-Ánde Vest og Rauni Magga Lukkari. Voijaa minun poroni (1987) av Paltto var i 1986 kandidat til Finlandia-prisen. Beaivi, Áhčážan (1988) av Valkeapää fekk Nordisk råds litteraturpris 1991. Andre samiske forfattarar er Marjut Aikio, Matti Aikio og Rauna Paadar-Leivo.Esimerkiksi:
Levesett Tradisjonelt har samar særleg levd av reindrift og fiske, der nokre har drive hovudsakleg med rein (fjellsamar) og andre hovudsakleg med fiske (sjøsamar). Dei dreiv også med andre syslar, som jordbruk og jernverk. Samiske tradisjonar er gjerne prega av dette leveviset.
Arkitektur
høgre|mini|Ein samisk familie framfor ein gamme. Teltet i bakgrunnen er ein lavvo. Legg merke til forskjellane i stolpeplasseringa til dei to strukturane. Dette bildet er tatt rundt 1900 i nordlege Skandinavia.
Det finst ei rekke samiske etnoarkitektoniske former, der lavvo og gamme er dei best kjende. Gammen blir typisk laga med bogestongskonstruksjon, ein berande konstruksjon som ein berre kjenner frå samisk kultur. Forskjellane mellom lavvo og gamme kan ein sjå når ein ser på toppen av strukturane. Ein lavvo vil ha stolpar som kjem saman i toppen, medan gammen har stolpane sine fråskilde utan å koma saman. I torvversjonen av gammen er lerretsduken erstatta med tre som kviler på strukturen, dekte med bjørkebork og deretter torv for å gje ein haldbar konstruksjon.
Lavvo er eit kjegleforma telt med eit rundt grunnsnitt. Han har ei utforming som liknar den til ein amerikansk tipi, men er mindre vertikal og meir stabil i sterk vind. Han gjer det mogleg for urfolkskulturane på dei trelause slettene i Nord-Skandinavia og det høge arktiske Eurasia å følgja reinsdyrflokkane sine. Han blir framleis brukt som ein mellombels tilfluktsstad av samar, og i aukande grad av andre folk til camping og anna.
mini|venstre|portrett|Sametingsbygningen i snø.
Ein gamme er ei hytte eller telt med tre typar dekke: stoff, torvmose eller tømmer. Den stoffkledde gammen liknar mykje på ein lavvo, men er ofte konstruert litt større.
Den indre konstruksjonen av stolpane er såleis: 1) fire boga stolpar, 2) ei rett midtstong, og 3) omtrent eit dusin rette veggstolpar. Stavstorleikane kan variera betydeleg. Dei fire boga stolpane bogar seg til ein vinkel på omtrent 130°. To av desse stolpane har eit hol bora inn i den eine enden, med desse endene forbunde med den lange midtstonga. Dei to andre boga stolpane er òg samanføyde i den andre enden av den lange stolpen. Når denne strukturen blir sett opp, blir det danna eit firbeint stativ med den lange stonga øvst og i midten av strukturen. Med den firbeinte strukturen ståande opp til omtrent 1,5 til 2,5 meter i høgda, er omtrent ti eller tolv rette «veggstenger» lagt opp mot strukturen. Gammedekket, i dag vanlegvis av lerret, blir lagt opp mot strukturen og bunde ned. Det kan vera meir enn eitt dekke på strukturen.
I nyare tid har gompi eller gumpi, ei sjølvlaga brakke eller ombygd campingvogn på meiar, blitt viktig for reinflytting. Arkitekten og kunstnaren Joar Nango innretta i 2018 installasjonsutstillinga Girjegumpi ('bokgompi') med stoff om denne og andre former for samisk arkitektur.
Varanger Samiske Museum sitt bygg frå 1994 og den norske Sametingsbygningen, som opna i 2005, er inspirerte av tradisjonell samisk arkitektur.
Den samiske kufta
mini|Samar frå Kolahalvøya i tradisjonelle drakter. Den mest synlege av dei samiske nasjonale symbola er samekufta. Det er opphavleg ei folkedrakt, men bruken av ho blei til skilnad frå mange andre folkedrakter aldri broten. Sjølve kufta (nordsamisk gákti) er ein overdel med lårlengd for menn og knelengd eller meir for kvinner. Historisk er ho blitt sydd av skinn og sener, men seinare er ull blitt meir utbreidd. Ein kan også bruka bomull og silke. Klare fargar som raudt, blått, grønt og kvitt er vanlege. Krage, erme og falden kan vera pynta med appliké i geometriske former. I bokre område bruker ein pynteband, andre har tinntrådbroderi, og nokre austsamar brukar perlearbeid. På 1700-talet byrja ein bruka sølje av sølv til drakten, og koftesølv er etterkvart blitt viktig. Fargar, mønster og smykke på kufta kan seia noko om kvar ein person er frå, ekteskapsstatus og i nokre høve kva familie dei tilhøyrer.
Til kufta høyrer det gjerne eit hovudplagg som også varierer etter region, kjønn og årstid. Også desse kan vera broderte og pynta på anna vis. Nokre hovudplagg ligg nær hovudforma, andre kan vera utbygde som hornlue (ládjogahpir) og stjernelue (čiehgahpir). Tradisjonelle sjamanluer kunne ha dyreskinn, fletter og fjører, særleg blant austsamar.
Samedrakt kan brukast til festar og høgtidelege høve, men også i samband med meir daglegdagse aktivitetar som reindrift. Tilbehøyr kan til dømes vera pesk, lukka, sjal, kommagar, skallar og lasso.
I Noreg og Sverige bruker berre samane samekufte. I Finland har også andre enn samane brukt kufte og i moderne tid blir kopiar eller eigenproduserte versjonar av samekufta brukt av den nordfinske turistindustrien, noko som har blitt skarpt kritisert frå samisk side.
Duodji mini|Sameknivar
Duodji viser til tradisjonelt samisk handverk med røter i den sjølvberga nomadiske kulturen deira. Dette er bruksgjenstandar og pynt laga av tilgjengelege materiale, som tre, bein, horn, lêr og røter. Duodji er viktig for mange delar av samedrakten, og for utstyr som guksi (drikkekoppar), komser, sameknivar og rotkorger. Ein har lagt mest vekt på bruksverdien til tinga ein laga, men eit andrekrav har også vore at dei skulle vera vene. I dag kan duodji både vera brukskunst, salsgjenstander og inspirasjon for rein kunst.
Grene (rátnu) er eit ullteppe vove av sjøsamar gjennom lange tider. Desse blei brukte som sengeklede, køyreteppe og i båt. Dei blei også selde både sør i Bergen og nord. Flyttsamar kjøpte grener og brukte dei til teltduk og lavvodør.; Ein lagar framleis teppa i Manndalen i Kåfjord.
Matkultur Det samiske kjøkkenet er grunnlagt framfor alt på reindrift, jakt og fiske og på sanking av bær. Tradisjonelt var bær særs viktige i kosthaldet, ettersom ein ikkje hadde tilgang på anna frukt eller grønsaker om vinteren. Molte er blitt mest verdsett i samisk kultur. Ein kunne tørka og/eller salta matvarer for å ta vare på dei, og til dømes få produkt som suovas, salta og røykt reinsdyrkjøt. Ein har også gjerne brukt blodet av reinsdyr til matvarer som gummpus (blodklubb), blodpølser og blodpannekaker.