Quatro er det andre studioalbumet til den amerikanske musikaren Suzi Quatro, gjeve ut i oktober 1974 på Rak Records, med unntak av USA og Canada (der albumet kom ut på Bell Records), Japan (EMI Records) og fleire land i Europa (Columbia Records).

Albumet vart ein suksess i fleire område, og toppa den australske albumlista. Plata gjekk òg inn på topp 50 i USA. «Devil Gate Drive» vart ein stor hit og gjekk til topps i Storbritannia og Australia, og vart den andre førsteplassen hennar i desse to landa. Singlane «The Wild One» og «Too Big» vart òg hittar, der førstnemnde nådde topp 10 i både Storbritannia og Australia, og sistnemnde nådde topp 20.

«The Wild One» vart nytta i Floria Sigismondi-filmen The Runaways frå 2010.

Innhald Britisk utgåve

«Devil Gate Drive» var inkludert på albumet i dei fleste land, men ikkje på den første britiske utgåva. «Friday» var ikkje med på den amerikanske utgåva av albumet. I somme land, som i Storbritannia og USA, inneheldt albumet eit langsamt arrangement av «The Wild One» i staden for singelversjon på albumet.

Medverkande Suzi Quatro – solovokal, bassgitar Len Tuckey – gitar, korvokal Alastair McKenzie – klaverinstrument, korvokal Dave Neal – trommer, korvokal

Salslister ÅrListePlassering1974/75Den australske albumlista1Den tyske albumlista15VG-lista5Den newzealandske albumlista16U.S. Billboard 200126

Årslister Liste (1974) Plassering Australian Albums (Kent Music Report) 11 Liste (1975) Plassering Australian Albums (Kent Music Report) 15 Tyske album (Offizielle Top 100) 44

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Quatro (album)» frå , den 15. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Suzi Quatro-album Kategori:Album produserte av Mike Chapman Kategori:Rak Records-album