mini|Utdrag frå livsminneintervju med Lindvik av Skeivt arkiv.
Jan Elisabeth Lindvik () er ein norsk aktivist, forfattar og tidlegare leiar for Forbundet for transpersoner i Norge (FTPN. Lindvik mottok stor merksemd då han var med på radioprogrammet Norgesglasset i NRK Radio for å fortelje om sine erfaringar som transperson. Sidan har han figurert i media for å snakke om transrettar og for å bidrage til å fjerne skam og stigma rundt det å vere trans.
Lindvik er i dag aktiv i Fri Oslo og Viken og jobbar til dagleg som undervisingsleiar på masterstudiet i audiovisuell forteljing ved Høgskolen i Lillehammer. I 2016 gav han ut ungdomsromanen Maos raude kjole, ei oppvekstskildring om det å vere trans basert på eigne erfaringar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jan Elisabeth Lindvik» frå , den 20. april 2022.
Kategori:Norske aktivistar Kategori:Norske forfattarar