mini|Skallar av brunt og kvitt leggskinn av rein, laga i 2000 av Gunhild B. Sara Buljo i Kautokeino, utstilt i Varanger samiske museum. Varanger Samiske Museum, nordsamisk Várjjat Sámi Musea, forkorta VSM, er eit samisk museum som ligg i Varangerbotn i Nesseby kommune i Aust-Finnmark. Museet dokumenterer og formidlar den sjøsamiske kulturhistoria i Varanger, samisk forhistorie og samisk samtid. Museet blei oppretta i 1983 og har sidan 2012 vore ein del av Tana og Varanger Museumssiida.
Hovudbygget til museet blei sett opp i 1994 og er bygga etter tradisjonell samisk byggeskikk og landskapet som ligg rundt. Hovudbygget inneheld basisutstillinga «Sjøsamene» og barnerommet «Stállobiedju» ('stallo-hiet'), og dessutan mellombelse utstillingar av ulik type. Museet har òg kafe, museumsbutikk og turistinformasjon, og dessutan eit uteområde med mellom anna fuglekikkarskjul og leikeplass. Museet fungerer òg som kulturhus for lokalbefolkninga.
Museet forvaltar òg Mortensnes kulturminneområde (nordsamisk Ceavccageađge) som omfattar ein kultursti med samiske hustufter, graver og offerplassar og ein infohall.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Varanger Samiske Museum» frå , den 27. april 2022.
Bakgrunnsstoff
Várjjat Sámi Musea - Varanger Samiske Museums nettside Unjárgga gielda/Nesseby kommune luondu.no Nettutstilling om Mortensnes kulturminneområde. Arkivert nettside. Nettutstilling om Samisk tro og mytologi
Kategori:Kultur i Nesseby