«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» er ein EDM-song av det amerikanske rockebandet Sparks, gjeven ut som den andre singelen frå det 16. studioalbumet deira, Gratuitous Sax & Senseless Violins. Han var skriven og produsert av Mael-brørne og referer til den amerikanske jazzsaksofonisten Charlie Parker. Han nådde 36. plassen i Storbritannia, 61. plassen i Tyskland og 24. plassen på Billboard Hot Dance Club Play-lista i USA. Opphavleg vart han gjeven ut som «(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing», før han fekk den noverande tittelen.

Mottaking Ned Raggett frå AllMusic noterte at songen «syner Russell som rappar (!)». Musikkskribent James Masterton sa i den vekentlege britiske hitlistekommentaren sin: «Den nye singelen er like bisarr som tittelen høyrest ut, med eit rappa vers som Neil Tennant garantert ville gjeve høgrearmen for å ha skrive, kombinert med eit imponerande kommersielt refreng.» Det paneuropeiske magasinet Music & Media skreiv: «Me lever i fastfood-euroens tidsalder med one-liners som fungerer som tekstar. Heldigvis bruker Sparks framleis fantasien.» Ein melder frå Music Week vurderte songen til fire av fem, og skildra han som «meir herleg high camp-drama frå kongane av eksentrisk synthpop», og uttalte at tidlegare Suede-gitarist Bernard Butler sin Fashionable World Of Fashion Mix «bør skapa ein buzz.» James Hamilton frå magasinet RM såg på songen som «Pet Shop Boys-aktig».

Musikkvideo Det vart laga ein musikkvideo for å marknadsføre singelen, regissert av den engelske regissøren Sophie Muller. Videoen vart sidan publisert på den offisielle YouTube-kanalen til Sparks i juni 2012. Muller regisserte òg videoen for «When Do I Get to Sing 'My Way'».

Innhald

Salslister Liste (1995) PlasseringUK Club Chart (Music Week)63UK on a Pop Tip Club Chart (Music Week)16

Bakgrunnsstoff Sparks on Discogs

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» frå , den 28. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Songar frå 1995 Kategori:Elektroniske songar Kategori:House-songar Kategori:Logic Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Sophie Muller Kategori:Songar skrivne av Ron Mael Kategori:Songar skrivne av Russell Mael Kategori:Sparks-songar