«Now That I Own the BBC» er ein song av den amerikanske rockeduoen Sparks, som kom ut i Europa i 1995 og i Storbritannia i 1996 som den tredje og siste singelen frå det sekstande studioalbumet deira Gratuitous Sax & Senseless Violins (1994). Songen var skriven og produsert av Ron Mael og Russell Mael, med ekstra produksjon av Linus Burdick.
Bakgrunn Sparks hadde opphavleg tenkte å bruke ulike kringkastingsselskap i tittelen og teksten, og gje dei ut som singlar i sine respektive land. I eit intervju i 1996 med VH1 sa Ron Mael, «Me tenkte faktisk på eit tidspunkt på å lage songen forskjellig i kvart enkelt land. Det ville vore NBC for Amerika og BBC for Storbritannia, men på eit visst punkt vart det berre for mykje og RTL rimer ikkje på noko som helst, så me heldt oss til BBC.»
Musikkvideo Musikkvideoen syner Sparks ombord på eit animert 'BBC-skip'. Han vart regissert av Olivier Kuntzel og Florence Deygas, som òg var ansvarleg for animasjonen i videoen..
Mottaking Då singelen kom ut i Storbritannia skildra Newark Advertiser songen som «techno-dance weirdness» og la til «Vokalversjonen og to tankevekkande instrumentelle, tapte høve so ved innsetting av vokale klipp.»
Innhald Europeisk utgåve 1995
Britisk utgåve 1996
Salslister Liste (1995–96)PlasseringUK On a Pop Tip Club Chart (Record Mirror)3
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Now That I Own the BBC» frå , den 28. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1994 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Sparks-songar Kategori:Songar skrivne av Ron Mael Kategori:Songar skrivne av Russell Mael Kategori:Logic Records-singlar