Mitchell Watt () er ein australsk tidlegare lengdehoppar. Han vann etter tur medalje i to verdsmeisterskap og i Sommar-OL 2012.
Watt forbetra seg jamnt og trutt i 2009-sesongen, frå 8,04 meter i januar til 8,43 m i Rethymno på Kreta den 20. juli. Ein månad seinare landa han på 8,37 m under verdsmeisterskapen i Berlin og vann bronsen. Den 29. juli 2011 sette han australsk rekord i Stockholm med eit hopp som målte 8,54 meter. I september 2011 sikra han seg sølvmedaljen i VM med eit hopp på 8,33 m, Året etter tok han i London-OL eit nytt sølv i lengdehopp, trass i moderate 8,16 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje – 8,37 m VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 8,33 m, bakom Dwight Phillips (8,45 m) OL 2012 i London: Sølvmedalje – 8,16 m, bakom Greg Rutherford (8,31 m)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mitchell Watt» frå , den 16. juni 2022.
World Athletics
Kategori:Australske lengdehopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Australia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012