Cumberland er ein tidlegare grevskap i den nordvestlege delen av England som hadde ei administrativ rolle frå 1100-talet til 1974. Det var eit administrerande grevskap frå 1889 til 1974 (med unntak av Carlisle frå 1914), og er no del av Cumbria. Det grensa til grevskapa Northumberland i nordaust, County Durham i aust, Westmorland i søraust, Lancashire i sør og dei skotske fylka Dumfriesshire og Roxburghshire i nord.
I april 2023 skal lokalstyret i Cumbria omorganiserast til to sameinte styresmakter, Cumberland, som vil inkludera det meste av det historiske grevskapet bortsett frå Penrith og området rundt, og Westmorland and Furness.
Grevskapet Cumberland hadde eit innbyggjartal på i 1961.
Namnet har gjeve namn til fleire verksemder og omgrep, som Cumberland-sausage, Cumberland-bryting, HMS «Cumberland», Cumberland Fell Runners Club, Cumberland Athletics Club, aviser som The Cumberland News og The West Cumberland Times and Star og Cumberland Building Society.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cumberland» frå , og «Cumberland» frå den 20. juni 2022.
Kategori:Cumbria