Sally Jepkosgei Kipyego () er ein kenyansk langdistanseløpar som sidan 2017 representerer USA. Ho vann sølvmedaljen på 10 000 meter både ved Friidretts-VM 2011 og Sommar-OL 2012.
Aktiv 10 000-meteren for kvinner under VM i friidrett 2011 i Daegu handla stort sett om dei kenyanske løparane. Over mål kom alle fire føre etiopiske Meselech Melkamu, den einaste utøvaren som fylgde med på sisterunda. Kipyego var på si side den einaste som truga sigeren til gullvinnar Vivian Cheruiyot. Mindre enn to veker seinare, den 8. september i Zürich, presterte Kipyego 14.30,4 og livsbeste på 5 000 meter. I milløpet under London-OL 2012 sprang ho inn til sølv og personbeste på tida 30.26,3 og plassen framom Cheruiyot, begge var dei sjanselause i avslutninga mot Tirunesh Dibaba frå Etiopia. Ei veke etter enda Kipyego sist av dei fire som var med om å spurte om OL-medalje på 5 000 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje på 10 000 m – 30.50,0, bakom Vivian Cheruiyot (30.48,9) OL 2012 i London: Sølvmedalje på 10 000 m – 30.26,3. Nr 4 på 5 000 m – 15.05,7 VM 2015 i Beijing: Nr 5 på 10 000 m – 31.44,4 OL i 2021 i Tokyo: Nr 17 i maratonløpet – 2.32.53
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sally Kipyego» frå , den 5. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020