Franz Felix Adalbert Kuhn () var ein tysk filolog og folklorist fødd i Königsberg in der Neumark (no i Polen). Han døydde i Berlin. Han var far til orientalisten Ernst Kuhn.

Samanliknande mytologi Kuhn var grunnleggaren av ein ny skule for samanliknande mytologi, basert på komparativ filologi. Med inspirasjon frå den tyske mytologien til Grimm-brørne, fokuserte han først på tyske historier og legender. Men det var på forskinga hans i språket og historia til dei indo-germanske folka som heilskap at omdømmet hans vart grunnlagt.

Hovudverk

(1845), der han freista å beskriva den første sivilisasjonen til dei indo-germanske folka før dei delte seg i forskjellige familiar, ved å samanlikna og analysera den opphavlege tydinga av orda og røtene til felles for dei forskjellige språka (1859, som ein del av , 1886) (1873), der forfattaren hevda at ein må sjå etter opphavet til mytar i det språklege domenet, med særleg vekt på polyonymi og homonymi.

Frå 1852 gav han ut tidsskriftet og frå 1862 også . I 1877 blei dei to titlane slått saman til .R.D. Fulk, A Comparative Grammar of the Early Germanic Languages, Studies in Germanic Linguistics, 3 (Amsterdam: Benjamins, 2018), , , s. 338. Sonen Ernst vidareførte arbeidet etter at faren døydde. Tidsskriftet har halde fram til våre dagar, no med tittelen Historische Sprachforschung.

Andre bøker

(1842) (Berlin, 1845) (Leipzig, 1848) (1859) (Berlin, 1874)

Litteraturliste

August Leskien, «Kuhn, Franz Felix Adalbert», i Allgemeine Deutsche Biographie (ADB), bd. 17, Leipzig, Duncker & Humblot, 1883, s. 335 f Friedrich Wilhelm, «Kuhn, Adalbert», i Neue Deutsche Biographie (NDB), bd. 13, Berlin 1982, Duncker & Humblot, s. 256–257.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Adalbert Kuhn» frå , den 19. september 2022.

Delar av denne artikkelen bygger på «Adalbert Kuhn» frå , den 7. oktober 2022.

Kategori:Tyske folkloristar Kategori:Lingvistikkhistorie