Else Marie Høst () var ein norsk litteraturforskar og franskfilolog som utgav fleire lærebøker og også gjorde seg kjend som Ibsen-kjennar.Fødsels- og dødsdatoar er frå DigitalarkivetElse Høst i Store norske leksikon.
Høst var fødd i Stavanger som dotter av Iver Johan Røysland (1870-1957) og Gustava Aldén (1875–1932). Else Marie Røysland hos geni.com. I 1927 tok ho examen artium ved Kongsgård skule i Stavanger.Stavanger Aftenblad: "NAVN OG NYTT", 4. mars 1968 s.4. Etter eit studieopphald i Sverige i 1930 og ved det svenske instituttet i Roma 1931, gifta ho seg i 1931 med franskfilologen Gunnar Høst (1900–1983).Gunnar Høst i Norsk biografisk leksikon. Ho studerte vidare ved Universitetet i Oslo der ho tok magistergraden i 1941 på avhandlinga Ibsens lyriske drama og doktorgraden i 1957 på ei avhandling om Ibsens Hedda Gabler.
Utgivingar
Else Røysland og Gunnar Høst (1934). Voix de France: textes de phonographe. Oslo: Aschenhoug. Else Røysland og Gunnar Høst (1941). Moderne fransk. Oslo: Aschehoug. Else Høst (1958). Hedda Gabler: en monografi. Oslo: Aschehoug. Else Høst (1967). Vildanden av Henrik Ibsen. Oslo: Aschehoug. Else Høst og Gunnar Høst (1970). Fransk lesning. Oslo: Aschehoug.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Else Høst» frå , den 27. oktober 2022.
Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Norske filologar Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo