Rosa Kostandjan (), kjend som Rosa Linn, er ein armensk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Ho representerte Armenia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino med songen «Snap». I Eurovision Song Contest enda Linn og songen på ein 20. plass, men ho fekk stor suksess seinere same år, då songen gjekk viralt på det sosiale mediet TikTok.

Bakgrunn Kostandjan er fødd og oppvaksen i byen Vanadzor, nord i Armenia. Allereie som seksåring lærte ho å spele piano, og ho byrja etter kvart å skrive eigne songar. I 2013 deltok ho i den armenske nasjonale finalen til Junior Eurovision Song Contest med songen «Gitem».

Kostandjan byrja den profesjonelle musikkarrieren sin gjennom eit samarbeid med det USA-baserte plateselskapet Nvak Collective. Selskapet vart skipa av den armensk-amerikanske songaren og låtskrivaren Tamar Kaprelian. I september 2021 gav ho ut debutsingelen «King» i samarbeid med den amerikanske songaren Kiiara. Kostandjan hadde sin tv-debut i november 2021, då ho framførte songen under frokost-tv på Armenias offentlige tv-selskap.

I mars 2022 kunngjorde same tv-selskap at dei hadde valt Kostandjan til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2022. Ho deltok med songen «Snap» og vart nummer 20 av 25 i finalen.

Etter Eurovision Song Contest, gjekk songen «Snap» viralt på TikTok og gjekk inn på topplister i fleire land; han nådde ein topp ti-plassering i Flandern i Belgia, og topp ti i Austerrike, Irland, Noreg, Sveits og Sverige. I august 2022 signerte Linn ein platekontrakt med Columbia Records. I oktober 2022 vart det stadfesta at ho skal opptre på nokre av konsertane til Ed Sheeran, under +–=÷x-tureen hans i Nord-Amerika i juni og juli 2023. Same månad lanserte ho ein ny musikkvideo for «Snap», som vart spela inn i USA, og singelen «Would Do It Again», som ho hadde spela inn saman med den nederlandske songaren Duncan Laurence. 31. oktober 2022 hadde Linn sin debut på amerikansk fjernsyn, då ho framførte «Snap» på The Late Late Show with James Corden, saman med armenske musikarar som spelte på armenske instrument.

Diskografi Singlar 2021 – «King» (med Kilara) 2022 – «Snap» 2022 – «Would Do It Again» (med Duncan Laurence)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rosa Kostandjan» frå , den 3. november 2022. Denne artikkelen bygger på «Rosa Linn» frå , den 3. november 2022.

Kategori:Armenske songarar Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar