Det Konservative Folkeparti er eit dansk politisk parti. Partiet har bokstaven C på røystesetlane, og vert vanleg omrødd som De Konservative.

Soge Det Konservative Folkeparti vart oppretta i 1915 etter at Højre, De Frikonservative og Moderate Venstre gjekk saman for å danna eitt parti. I 1915 var partiet Højre det dominerande partiet i Danmark, men fleire av dei unge i Højre meinte at ein trengte eit parti med ein nymoderne og sosialkonservativ profil. Dette var ein strategi for å styrkja partiet, ved å kunne representera og henta fleire røyster frå middelklassen. Formelt vart ikkje partiet stifta før januar 1916.

Partiet har vore eit av dei største partia i Danmark, dei fekk t.d. 23,4 % av røystene etter folketingsvalet i 1984. Likevel har oppslutninga til partiet i nyare tider vore lågare. Ved folketingsvalet i 2011 fekk partiet berre 4,9 % av røystene, og fekk dermed berre åtte medlemer til folketinget.

Leiing mini|Søren Pape Poulsen var partileiar frå 2014 til 2024. +Politiske leiararJohn Christmas Møller1928–1947Ole Bjørn Kraft1947–1955Aksel Møller1955–1958Poul Sørensen1958–1969Poul Møller1969–1971Erik Ninn-Hansen1971–1974Poul Schlüter1974–1993Henning Dyremose1993Hans Engell1993–1997Per Stig Møller1997–1998Pia Christmas-Møller1998–1999Bendt Bendtsen1999–2008Lene Espersen2008–2011Lars Barfoed2011–2014Søren Pape Poulsen2014–2024Mona Juul2026–

+PartiformennEmil Piper1916–1928Charles Tvede1928–1932John Christmas Møller1932–1939Vilhelm Fibiger1939–1948Halfdan Hendriksen1948–1957Einar Foss1957–1965Knud Thestrup1965–1972Erik Haunstrup Clemmensen1972–1974Poul Schlüter1974–1977Ib Stetter1977–1981Poul Schlüter1981–1993Torben Rechendorff1993–1995Hans Engell1995–1997Per Stig Møller1997–1998Poul Andreassen1998–2000Bendt Bendtsen2000–2008Lene Espersen2008–2011Lars Barfoed2011–2014Søren Pape Poulsen2014–2024Mona Juul2026–

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Det Konservative Folkeparti» frå , den 6. november 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Danske politiske parti