Robert Carver (også Carvor, Arnot; ) var ein skotsk kannik (canon regular) og komponist av kristen heilag musikk under renessansen.
Carver er rekna som den største skotske komponisten på 1500-talet. Han er best kjend for polyfonisk kormusikk. Det er bevart fem messer og to motettar etter han. Verka som heilt sikkert kan tilskrivast han står i Carver Choirbook,National Library of Scotland som no er ved National Library of Scotland.
Kjende komposisjonar Følgjande verk er tillagde Robert Carver i Carver Choirbook:National Library of Scotland
Dum sacrum mysterium. Messe for ti stemmer. L'homme armé. Messe for fire stemmer. Pater Creator omnium. Messe for fire stemmer. Fera pessima. Messe for fem stemmer. Messe utan namn for seks stemmer. O bone Jesu. Motett for nitten stemmer. Gaude flore virginali. Motett for fem stemmer.
Ei messe utan namn for tre stemmer i Carver Choirbook og ei messe, Cantate Domino for seks stemmer i Dowglas/Fischar partbooks blir vanlegvis tillagde Carver. Nokre tillegg også Carver messa Felix namque for seks stemmer, som også er i Dowglas/Fischar partbooks.
Carver i kulturen Verk av Carver blir framleis framført i dag. Carver var påverka av komponistar frå Kontinental-Europa, og musikken som er att etter han skil seg mykje frå den til samtidige komponistar både i Skottland og England. Han hadde ein rikt ornamentert stil som mest av alt minner om musikken i Eton Choirbook.
Carver var emne for eit høyrespel på BBC Radio i 1991, Carver av John Purser, som vann ein Giles Cooper-pris det året.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Robert Carver (composer)» frå , den 7. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Free scores by Robert Carver in the Choral Public Domain Library (ChoralWiki) Digitised scores can be viewed through the Five Centuries of Scottish Music collection hosted by AHDS Performing Arts Classical.net The Carver Choirbook (registration needed)
Kategori:Renessansekomponistar Kategori:Skotske komponistar