Mitiarjuk Attasie Nappaaluk CM () var ein kanadisk inuittisk forfattar. Ho er best kjend for Sanaaq, ein av dei fyrste romanane skrivne på inuktitut. Boka blei skriven før, men gjeven ut etter Markoosie Patsauq si Harpoon of the Hunter.

Liv Nappaaluk blei fødd i 1931 i nærleiken av Kangiqsujuaq nord i Quebec."Nunavik elder and author to be remembered". CBC North, 3. mai 2007. Ho byrja fyrst formell utdanning då ho var tjue. Tidleg på 1950-talet byrja ho å skriva på Sanaaq då ein misjonær frå Oblatfedrane som var i området ba henne skriva nokre setningar på inuktitut så han kunne læra språket. Romanen blei skriven med inuktitut-stavingsskrift. Han blei fyrst gjeven ut i 1984, men fekk raskt ei viktig kulturell stilling blant inuittar i heile det kanadiske Arktis. Det blei gjeve ut ei fransk omsetjing av romanen i 2002 og ei engelsk omsetjing i 2014.

Nappaaluk omsette også den katolske bøneboka til inuktitut, og skreiv fleire bøker om tradisjonelt språk og kultur for bruk i inuittskular. Ho var med på Inuktitut Language Commission i Nunavik og var ein konsulent ved Kativik School Board. Ho var gift med Naalak Nappaaluk, som også var ein kjend forkjempar for inuittiske kulturtradisjonar."Naalak Nappaaluk, promoter of Inuit culture, dead at 81". Nunatsiaq News, 15. juni 2010.

Prisar og utmerkingar Ho blei utnemnd til Member of the Order of Canada i 2004. Ho vann også ein National Aboriginal Achievement-pris, og mottok ein æresgrad frå McGill University."Mitiarjuk Attasie Nappaaluk appointed to Order of Canada". Nunatsiaq News, 6. februar 2004.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mitiarjuk Nappaaluk» frå , den 8. november 2022.

Kategori:Kanadiske forfattarar Kategori:Inuittiske forfattarar Kategori:Folk frå Nunavik Kategori:Inuktitut