Sunniva Skoglund () er ein norsk fotballspelar frå Porsgrunn, som er keeper for Stabæk.

Klubbkarriere Tidleg karriere Skoglund spela aldersbestemt fotball i Eidanger, før ho gjekk til Urædd i forkant av 2017-sesongen. Same år vart ho lånt ut til Nanset, der ho fekk speletid i 2. divisjon. Som 16-åring var ho i 2018 keeper for Urædd i 1. divisjon, ein sesong som enda med nedrykk. Før 2019-sesongen gjekk ho til Snøgg der ho fortsatte å stå fast i 1. divisjon.

Stabæk (2020–) I desember 2019 vart det kjent at Skoglund hadde signert for Stabæk, som nettopp hadde rykt ned frå Toppserien. Dimed vart ho erstattaren til keeperlegenda Ingrid Hjelmseth som la opp. Skoglund var med å rykkje opp med Stabæk i sin fyrste sesong, og i mai 2021 debuterte ho i Toppserien.

Landslagskarriere Skoglund har landskampar for J15, J16, J18, J19 og U23-landslaget til Noreg. I februar 2022 vart ho teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i troppen til Algarve Cup.

Skoglund vart teken ut i den norske troppen til EM i 2022 som ein av tre keeperar; der var ho den yngste spelaren i troppen.

Skoglund debuterte for A-landslaget i oktober 2022, i ein privatlandskamp mot Brasil på Ullevaal Stadion.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sunniva Skoglund» frå , den 8. november 2022.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Porsgrunn