Aurora Mikalsen () er ein norsk fotballspelar som spelar for Brann.
Klubbkarriere Mikalsen byrja karrieren i Clausenengen i heimbyen Kristiansund. I 2012 gjekk ho til Arna-Bjørnar. I Bergensklubben vart det hovudsakleg speletid for andrelaget i 2. divisjon. I 2015 vende ho tilbake til Clausenengen; der veksla ho mellom å spele for kvinnelaget i 2. divisjon, og med guttar på G19-laget. Før 2016-sesongen vart ho henta til Kolbotn i Toppserien.
I Kolbotn vart Mikalsen etterkvart fyrstekeeper og gjorde det bra. Då Manchester United var i Oslo for å spele treningskamp mot Vålerenga i juli 2019, trente Mikalsen med laget. I september 2019 vart det kjent at ho hadde signert for Manchester United. Ho fekk berre ein ligacupkamp for klubben før ho forlet klubben etter eitt år då kontrakten gjekk ut.
I juli 2020 signerte Mikalsen for Tottenham. Etter ein sesong i Tottenham gjekk ho til Sandviken i juli 2021. Same sesong som ho kom til Sandviken var ho med å vinne den fyrste seriemeisterskapen til klubben, før klubben vart til SK Brann Kvinner før 2022-sesongen.
Landslagskarriere Mikalsen har aldersbestemte landskampar for J15, J16, J17, J19, og U23.
I februar 2018 vart Mikalsen teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gong.
Den 16. februar 2022 debuterte Mikalsen for A-landslaget mot Portugal under Algarve Cup. Ho vart same år teken ut i den norske landslagstroppen til EM i England 2022.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aurora Mikalsen» frå , den 9. november 2022.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Kristiansund