Anna-Lisa Kumoji () er ein norsk songar, skodespelar, stemmeskodespelar og musikalartist. Ho har spela i fleire musikaloppsetjingar, blant anna The Book of Mormon, Flashdance og West Side Story i tillegg til tv-seriar som Farfar og Familien Lykke. I 2019 deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Holla». Kumoji har sidan delteke i tv-program som Beat for beat, Idrettsgallaen, Senkveld, Kvelden før kvelden, All Together Now og Stjernekamp. Ho har også lagt norsk stemme på figurar i to Disney-filmar og to Netflix-filmar.

Bakgrunn Kumoji har røter frå Ghana og Bodø og er oppvaksen på Borgen i Asker. Per 2022 bur ho i Drammen. Ho er storesystera til Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie, som også er musikar under artistnamnet Akuvi.

Kumoji gjekk på musikklinja på Steinerskolen i Bærum, og gjekk deretter eit år på musikallinja på Seljord Folkehøgskule (2009–2010). Frå 2011 til 2013 gjekk ho på Bårdar Akademiet i Oslo.

Karriere Etter utdanninga har ho jobba som profesjonell songar, stemmeskodespelar og musikalartist. Blant oppsetjingane ho har spela i er The Book of Mormon på Det Ny Teater i København og Flashdance og West Side Story på Chateau Neuf i Oslo. Ho har også den norske stemmen til figuren «Bulda» i Disney-filmen Frost, «Plumette» i Skjønnheten og udyret og «Louisa» i Encanto.

Kumoji er soulrock-songar, men syng også innanfor sjangrane jazz, storband, gospel, funk og pop. I mars 2019 deltok ho i Melodi Grand Prix 2019 med songen «Holla», skriven av Ashley Hicklin, Jeroen Swinnen og Maria Broberg. I Melodi Grand Prix gjekk ho vidare til gullfinalen og enda til slutt på en fjerdeplass.

I 2022 var Kumoji blant finalistane i Melodi Grand Prix med låten «Queen Bees», som er skriven av Olli Äkräs, Alan Roy Scott, Elsbeth Rehder og Anna-Lisa Kumoji. Songen var produsert av Äkräs. Ho gjekk ikkje videre frå første runde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anna-Lisa Kumoji» frå , den 10. november 2022.

Kategori:Norske songarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Melodi Grand Prix 2019-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2022-deltakarar