Bilal Alexander Saab () er ein norsk songar og musikar, best kjend for å vere frontfigur i bandet NorthKid. Han er også kjend for å ha vunne den åttande sesongen av Stjernekamp i 2019 og den tredje sesongen Maskorama hausten 2022.

Bakgrunn Saab er fødd og oppvaksen på Sørøya i Hasvik kommune i Finnmark, med far av libanesisk opphav og mor frå Finnmark. Han gjekk i perioden 2015–2018 på musikklinja ved Alta videregående skole.

TV-framsyningar Hausten 2019 deltok Saab i den åttande sesongen av Stjernekamp. Han kom til finalen og vann over Kim André Rysstad.

Våren 2022 deltok Saab som vokalist for bandet NorthKid i Melodi Grand Prix 2022, med låten «Someone».

Hausten 2022 deltok Saab i Maskorama, som «Zombien», og vann finalen laurdag 19. november.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bilal Saab» frå , den 19. november 2022.

Bakgrunnsstoff Bilal Saab på Internet Movie Database

Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Melodi Grand Prix 2022-deltakarar Kategori:Folk frå Hasvik